Lokal | 04. okt. 2017

Vil bygga om Irisgården

... men kultureininga i kommunen protesterer.

Vil bygga om Irisgården
Slik illusterer Abo buen før (til venstre ) og etter (til høgre) ei eventuell ombygging (ill: Abo Plan & Arkitektur AS/Os kommune)
Andris Hamreonsdag 04. okt. 2017 10:32

Abo Plan & Arkitektur AS har på vegne av Irisgården AS søkt om løyve på å bygga på første etasjen på Irisgården i svingen kor Solsiden holdt hus til dei gjekk konkurs i vår.

– Det har ikkje vore drift i lokalet sidan slutten av februar 2017. Det har ikkje vore konkrete henvendelsar om leige sidan, sjølv om det er godt kjent i Os at lokalet er ledig.

– Vi vurderar det slik at ei utbygging av lokalet, som vil trekka fasaden fram mot fortauet, opnar moglegheiten for å få inn nye konsepter og leigetakarar. Vi meiner plasseringa passar godt til restaurantverksemd eller butikklokaler, som naturleg høyrer til på gateplan mot byrom.

– Ei utviding av lokalet sitt innvendige areal vil kunne gje plass til å etablera eit restaurantkjøken og samstundes ha nok areal til bespisning innandørs. Om lokalet skal nyttast til butikk meiner vi at større innvendig areal vil gje betre moglegheit for å få inn butikkonsept som passar med plasseringa, øvrige leigetakarar og butikker på gateplan, skriv tiltakshavar i si grunngjeving.

Kultureininga protesterer

Søknaden om ombygging er sendt kultureininga i kommunen for uttale som ansvarleg for kulturminner i Os.

Dei konkluderar med at det ikkje er ønskjeleg med ei ombygging.

– Bogen i det karakteristiske hjørnet har blitt teken vare på, og har vore eit kjennemerke i over 60 år. Inngangspartiet er «ansiktet» som gjev karakter til bygninga. Utforminga med innhukket i, og avrundinga av fasaden, mjuknar opp eit elles massivt bygg.

– Kultureininga meiner at eit tilbygg etter planteikningane vil bli eit for stort inngrep i det mest karakteristiske partiet i den eksisterande fasaden. Første etasje vil framstå massiv og tung, og den avdempande funksjonen til innhukket vil bli redusert. Ved å byggja igjen dette arealet vil bygninga mista eit vik g arkitektonisk trekk, og kulturminneverdien vil bli redusert, skriv kultureininga i si uttale.

Bygd om fleire ganger

Abo peiker på si side at Irisgården har blitt bygd om fleire ganger tidlegare, blant anna i 1965 kor bygget fekk ein etasje til og i 2001 då det blei bygd bustader i ein ny tilbaketrekt fjerde etasje. Også fasaden har blitt delvis endra dei siste åra.

Dei er difor ikkje samde i at det omsøkte tilbygget er eit for stort inngrep i fasaden.

– For å imøtekomma Kultureininga sin uttale har vi trekt tilbygget inn frå hjørnet mot Hamnevegen med 30 cm slik at buen framleis framstår som eit eige fasadeelement. Vi meiner at dette grepet ytterlegare bidreg til å oppretthalde den avdempande funksjonen til buen slik den vil opplevast frå gateplan.

– Som bygningen sin øvrige historie vil tilbygget vera ein del av den kontinuerlige transformasjon som er naudsynt for bygningen sin framtidige brukbarhet. Vår vurdering er at bygningen sine arkitektoniske trekk er tatt omsyn til og videreførast ved det omsøkte tilbygget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.