Lokal | 08. aug. 2019

Vil bygga omsorgsbustadar på Askvikneset

Serverte arkitektteikna idear for eigedomen kommunen kjøpte i 2012.

Vil bygga omsorgsbustadar på Askvikneset
Omsorgsbustadar på Askvikneset? Bjørnafjorden Frp lanserte ideen no i dag tidleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. aug. 2019 07:47

I dag var lokalpressa invitert til morgonmøte. Her fortalde Bjørnafjorden Frp at dei vil bygga neste omsorgsbustad i Os på Askviknes.

– Nyutvida Luranetunet blei fullt noko fortare enn vi trudde. No står vi med fleire alternativ, blant anna å utvida yttarlegare på Lurane.

– Men vi ser nærleik til sjø, og storleiken på tomta, som veldig verdifull, ikkje minst i samband med omsorg, seier Terje Søviknes.

Midtsiden kjem tilbake med meir om ideen, volumet og tankar om framdrift og gjennomføring.

7 år i kommunen sitt eige

Os kommune kjøpte Askviknes for 22,5 millionar kroner av Helse-Bergen i 2012.

• Les òg: Overtok Askviknes i dag (12. november 2012)

Den 58 mål store eigedomen har 600 meter med strandlinje og fleire bygg. Eigedomen blei brukt som barneheim fram til 1958, og fungerte seinare som både barnehage og vaksenpsykiatrisk/distriktpsykiatriske senter (DPS).

Frå visjon til realitet?

– Dette er skisser, men det treng ikkje bli så langt frå det vi ein dag vil realisera, seier Søviknes.

Han viser til Liv på Øyro-prosjektet.

I eit lesarinnlegg i valkampen 2011 lanserte ordførar Terje Søviknes (Frp) visjonen «Liv på Øyro».

I 2017 var Øyro, torget og nytt torgbygg på plass.

Om eigedomen på Askviknes (frå 2012)
• Tomt på cirka 58 mål med 600 meter strandlinje.
• Hovudhus bygd av staten (for 39.000 kroner) i 1898, ferdig i 1900.
• Brukt som barneheim, blant anna for omsterifarar/taterborn, driven av Norsk Misjon Blant Hjemløse, fram til 1953.
• Har frå 1953 fram til 2012, dei siste åra som avdeling for Solli, fungert som vaksenpsykiatrisk/distriktpsykiatriske senter (DPS). Tidlegare år var det rundt 45 pasientar på Askviknes, dei siste åra rundt 20.
• Nytt hovudbygg sto ferdig i 1976. Gamlebygget har dei siste åra og fram til sommaren 2012 vore brukt som barnehage.
• Det gamle hovudhuset og ein verkstad er i ein prosess Forsvarsbygg styrer for å verna bygningane i verneklasse 1, freding.
• I tillegg er det ein eldre styrabustad og søsterheim på tomta, større hus som ikkje har vore i bruk på fleire år og som truleg skal rivast.
• Eigedomen har også eit garderobebygg, ei større skur, eit naust og eit lite båthus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.