Lokal | 23. nov. 2017

Vil bygga trinnvis ut

Parkeringshuset på Osøyro får omlag 190 plassar i første trinn.

Vil bygga trinnvis ut
Forslag til reguleringsplan for parkeringshuset på tomta der Circle K og den gamle brannstasjonen er sendt til kommunen (foto/ill: Andris Hamre/Link Arkitektur)
Andris Hamretorsdag 23. nov. 2017 09:18

Bildeserie:

Byggetrinn 1: Parkeringsbygg i BS2 i to høgder og underetasje. Parkering i 3 plan (ill: Link Arkitektur)

Byggetrinn 2: Parkeringsbygg i BS2 og BS3 i to høgder og underetasje. Parkering i 3 plan. (ill: Link Arkitektur)

Byggetrinn 3: Parkeringsbygg i BS2 og BS3 i to høgder og underetasje. Parkering i 3 plan, med moglegheit for eit bygningsvolum på dekke 3. (ill: Link Arkitektur)

1 av 6

På budsjettkonferansen tidlegare i november viste prosjektsjef Halvor Hanevik ei skisse av det kommande parkeringshuset på Osøyro.

– Det er ikkje slik det blir sjåande ut, men det viser korleis vi tenkjer. Om vi skal bygga parkeringshuset og selje tomtearealet oppå, eller om vi skal byggje det sjølv har vi ikkje tatt stilling til.

– Vi kjem kun til å byggje halvparten no, altså sjølve parkeringshuset, poengterte Hanevik for politikarane.

– For noken av oss er det viktig at inngangen til ei eventuell framtidig utviding i fjellet under Mobergshaugane er med i første prosjektet, kommenterte Gustav Bahus (Frp) som ikkje fekk synleg gehør frå prosjektsjefen.

Omlag 190 plassar

Sweco Norge AS har vore plankonsulent på vegne av kommunen . Dei har no sendt inn utkast til planforslag kor ein foreslår å bygga ut i tre byggetrinn.

– Ein ser føre seg å etablere parkeringshuset i tre byggetrinn. Første byggetrinn kan etablerast utan å innlemme gnr 52 bnr 88. Tilkomsten til tomt gnr 52 bnr 88 vil løysast ved å etablera ei rampe frå dekke 3 i parkeringshuset i samband med byggetrinn 1. I byggetrinn 1 vil ein kunna legga til rette for om lag 190 parkeringsplassar i tre parkeringsplan, underetasje, 1. etasje og 2. etasje, heiter det i utkastet til planskildring

Kan utvidast

Om kommunen kjøper bustadeigedommen (58/88) som ligg bak dagens bensinstasjon, så ser ein for seg eit nytt byggetrinn. Eigedomen er i dag ikkje til sal.

– Byggetrinn 2 vert utløyst ved kjøp av eigdomen gnr 52 bnr 88, og ein mindre del av gnr 52 bnr 296. På byggetrinn 2 er planen å utvide P-anlegget frå etappe 1 maksimalt mot rundkøyringa for alle etasjane, slik planframlegget viser.

– Ved utvikling av eit nytt sentrumsareal gjennom transformasjon slik ein her planlegg, er det viktig at ein legg til rette for moglege framtidige større endringar. På byggetrinn 2 vil kapasiteten til parkeringsanlegget auke med om lag 150 plassar – til om lag 340 plassar, skriv plankonsulentane.

Plass til 50 bustader

Om kommunen vel å selja tomtearealet som blir oppå parkeringshuset eller realiserar det sjølv, så kan dette gje rom for 50 nye leilegheiter i sentrum.

– På byggetrinn 3 legg reguleringsplanforslaget opp til at det kan realiserast eit bygningsvolum oppå det bygde parkeringsanlegget. Det er tenkt meir oppløyste bygningsvolum på begge sider av ei gate nord-syd mellom rundkøyringa i sør og Stegen i nord. Reguleringsplanen legg opp til at etasje 3 over tid vil endre seg frå parkering til salsrelatert næringslokale, etasje 4 til servicenæring og dei 2 øvste etasjane til bustadføremål. Det kan rundt rekna bli om lag 50 bustader.

Før arbeidet med parkeringshuset kan ta til, skal reguleringsplanen til politisk handsaming i plan- og bygningsutvalet og kommunestyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.