Lokal | 27. juni 2012

Vil byta stein med sand

Baronselva skal bli finare og tryggare.

Vil byta stein med sand
Kultursjefen vil erstatta glatte steinar med sand. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juni 2012 11:40

Telthusplassen, med trappene ned mot Baronselva og steinane som ungane kan ta seg langs elva på, har blitt ein fin oase i Os sentrum.

Men steinane som ligg under vatn er ikkje kommuneleiinga nøgd med.

– Det gror mykje på steinane. No vil vi ta vekk fleire av dei og få sand i elva, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.

– Ikkje berre for å pynta

Steinane som ligg i elva har av og til blitt spylt reine av brannvesenet. No er det ei stund sidan sist dette blei gjort.

– Men årsaka til at vi vil skifta dei ut er ikkje berre det estetiske. Når ungar som hoppar frå stein til stein på dei med flat topp som stikk opp av elva, og ramlar uti, risikerer dei no å gli og landa langflat i elva.

I dialog med NVE

Axelsen meiner endring frå stein til sand ikkje vil vera eit for stort inngrep i den vesle elva, som nokre meter lengre nede renn ut i Oselvo.

– Det var opprinneleg sand i elva, steinane kom då vi pussa opp plassen.

– Men vi kan naturlegvis ikkje gjera kva vi vil. No har eg undersøkt med miljøavdelinga på fylket og tar dialogen vidare med Norges vassdrags- og energidirektorat.

– Vi vil klarera med dei og kanskje også få nokre tips til kva type sand eller grus som skal brukast.

Over ferien

Det er Os Hageservice ved Tore Færevaag, som også hadde jobben med oppgradering av Telthusplassen, som tar utskiftinga.

Dette kjem tidlegast til å skje rett over ferien.

I mellomtida er det mogleg at brannvesenet kjem for å spyla, så elva blir finare og tryggare allereie no i sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.