Lokal | 26. feb. 2019

Vil dela ut 250.000 kroner til kulturell og sporty «brubygging»

Frå neste veke kan du søka om midlar til små og store arrangement som knyter Os og Fusa tettare saman.

Vil dela ut 250.000 kroner til kulturell og sporty «brubygging»
UKM, ein arena som allereie har vore med på å bygga bru mellom Os og Fusa nokre år. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. feb. 2019 13:00

– Bli med å visa fram kva Bjørnafjorden har å by på! er oppfordringa frå fellesnemnda i komande Bjørnafjorden kommune.

Fellesnemnda har sett av kr 250.000 til eit kulturbyggingsprosjekt fram mot 2020.

Frå 4. mars vert det lyst ut ei tilskotsordning der lag og organisasjonar i dei to kommunane kan søkja om pengar til gode tiltak som fremjar samarbeid og kulturell brubygging fram mot Bjørnafjorden kommune.

– Vi vil visa breidda i alt som rører seg innan kunst, kultur, musikk, idrett, natur og anna i den nye kommunen vår, seier kulturjef i Fusa kommune, og komande Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes i ei pressemelding i dag.

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om midlar til ein eller fleire aktivitetar som må gjennomførast innan 1. januar 2020.

For å få det til myldra mest mogleg vert det ei øvre grense for tilskot på 10.000 kroner.

Aktiviteten må vera:
• Nyskapande. Til dømes ta i bruk nye arenaer og/eller oppsøka nytt publikum.
• Inkluderande. Til dømes utspela seg på «hi sio» av fjorden eller på annan måte inkludera bjørnafjordingar i både Os og Fusa.
• Inviterande. Vi oppmodar til samarbeid og kulturell brubygging.

Du vil finna meir informasjon og søknadsskjema på bjornafjordenkommune.no frå 4. mars. Søknadsfrist vert 20. mars 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.