Debatt | 28. aug. 2025

Vil du ha fleire gode, fornuftige velferdsreformer?

DEBATT: Veljarar vi snakkar med skildrar valet denne hausten som eit viktig vegval for Noreg.

Vil du ha fleire gode, fornuftige velferdsreformer?
Kristin Davanger. Foto: Bjørnafjorden SV / Craig Russel Lundervik Bøthun
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. aug. 2025 15:54

Veljarar vi snakkar med skildrar valet denne hausten som eit viktig vegval for Noreg.

Det kan vi verkeleg vera einige i. Utfordringane med fattigdom veks, midt blant oss, her i vårt eige, rike Noreg. Sjølv om vi vi har sett ein liten tendens til at vi får færre born som veks opp i fattigdom, fortel likevel ulike organisasjonar om fleire som oppsøkjer dei i matkøane. Vi er ikkje lenger så like som vi likar å tru.

Utanfor landegrensene er det konfliktar og økonomisk uro som pregar nyheitsbiletet. For mange er det etter kvart umogeleg å ta inn over seg Israels daglege grufulle handlingar mot born, journalistar, helsearbeidarar og resten av befolkninga i Gaza.

Kva kan vi gjere for å bidra til meir rettferd? Korleis kan vi hjelpe dei rundt oss, både her i Noreg og ute i verda?

For dei mange

Jo visst er det eit vegval. Det er ikkje slik at politikk berre handlar om å verne om ein elite som tek på seg å byggje landet aleine. Eit samfunn byggjer vi saman.

Stemmer du på SV, stemmer du på vegen til venstre. Du stemmer på eit parti som ser på mangfaldet i samfunnet vårt og dei utfordringane vi kan stå i.

Dei siste åra har vi forhandla fram rimelegare barnehage, gratis SFO, auka barnetrygda, billegare tannlegerekningar for ein halv million unge, kraftig auke i studiestøtta og høgare minstepensjon. For å nemne nokre av gjennomslaga.

Alt saman gode, fornuftige velferdsreformer som folk treng og set pris på.

Skilnadene blir reduserte når vi bygg ut velferda. Auka skilnader og dårlege oppvekstforhold er ei av dei viktigaste årsakene til ungdomskriminalitet.

Å redusere skilnadene er bra for oss alle. Vi skal halde fram med å betre økonomien til vanlege hushaldingar som vi veit har hatt det tøft dei siste årene. Vi vil styrke kommuneøkonomien, slik vi har gjort kvart einaste år sidan førre val.

Grønt og solidarisk

Du stemmer også på den grøne vegen, for ei framtid der det er håp for den neste generasjonen, for reduserte utslepp og vern av sårbar natur.

SV har stoppa oljeleiting i nye område og gruvedrift på havbotnen.

Vi prioriterer rassikring av vegar og jernbane framfor bygging av Hordfast, heile vegen frå lokallaget i Bjørnafjorden og opp til stortingsgruppa.

Og, til slutt, stemmer du på internasjonal solidaritet. Den vegen gir oss eit Noreg som bruker all vår økonomiske og politiske makt for å stanse folkemordet i Gaza.

For å halde fram på vegen mot rettferd og miljø, treng Noreg eit sterkt SV som gir regjeringa den nødvendige krafta for å løyse vår tids utfordringar.

Godt val!

Kristin Davanger
Bjørnafjorden SV

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.