Lokal | 21. okt. 2020

Vil du halda på skuleplassen din? Då må du kanskje søka

Endring av opptaksområde får følgjer for fire skular. Svarfrist er om seks veker.

Vil du halda på skuleplassen din? Då må du kanskje søka
Når Borgafjellet barneskule opnar får nokre av elevane ved Os, Kuventræ og Lunde ny nærskule. (Foto: Ørjan Håland og Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. okt. 2020 08:27

Bildeserie:

Gamalt opptaksområde. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Gamalt opptaksområde. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Nytt opptaksområde. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Nytt opptaksområde. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
1 av 2
Gamalt opptaksområde. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Nytt opptaksområde. (Kart: Bjørnafjorden kommune)

I går fekk foreldre til elevar ved fire barneskular brev om skuleåret 2021-2022. Brevet gjekk til dei som neste år får ny nærskule.

Opning av Borgafjellet barneskule får følgjer for nokre av elevane ved barneskulane Os, Kuventræ og Lunde - og alle elevane ved Hegglandsdalen barnskule.

Dette kan få følgjer ikkje berre for dei som byrjar på skulen neste år. Elevar ved alle trinn på desse skulane kan bli plasserte på ein ny skule hausten 2021.

– Elevar ved Os barneskule, Lunde barneskule og Kuventræ barneskule som får ny nærskule, men heller vil halda fram der dei går i dag, må søkja før 1. desember 2020 om å halda på plassen sin.

– Alle søknadene vil bli innvilga, skriv Bjørnafjorden kommune på sine heimesider.

Fagsjef Janne Eik presiserer at alle det gjeld har fått brev - dette gjeld lang frå alle elevane ved desse tre skulane.

Hegglandsdalen barneskule er inne i sitt siste år. Hausten 2021 står den tom og ubrukt. (Arkivfoto: KVB)
Hegglandsdalen barneskule er inne i sitt siste år. Hausten 2021 står den tom og ubrukt. (Arkivfoto: KVB)

Endra opptaksområde

Opptaksområda blir endra med opning av ny skule.

Den største endringa er at ny skule aust om elvo, Borgafjellet barneskule, står ferdig til skulestart 2021. Hegglandsdalen barneskule blir stengt, og alle elevar blir flytta til den nye skulen.

I tillegg tar skulen opp i seg resten av «Aust om elvo» med unntak av Finnebrekka, Orrebakken og Gamle Finnebrekka.

Ei anna endring er at Os Os barneskule tar opp i seg Kuvågen. Her kan du lesa meir om opptaksområda.

Dei nye opptaksområda fortel kva nærskule du har frå hausten 2021. Samtidig kan du skifta om du ønskjer. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Dei nye opptaksområda fortel kva nærskule du har frå hausten 2021. Samtidig kan du skifta om du ønskjer. (Kart: Bjørnafjorden kommune)

I Bjørnafjorden kommune er det «fritt skuleval».

Kva for ein skule eit barn høyrer til blir avgjort med utgangspunkt i:

  • Kvar barnet bur
  • Kapasitet ved skulen
  • Tilhøva på skulevegen
  • Kva for ein skule eventuelle sysken går på

Burde det vore motsett?

Endringane betyr at ein elev som for eksempel bur i Stølsvegen og har gått 1. til 6. trinn ved Os barneskule skal gå 7. klasse ved Borgafjellet barneskule. Om ikkje foreldra aktivt tar grep og søkjer.

Tilsvarande kan gjelda ein elev som går på Kuventræ, men no blir flytta til Os, eller ein frå Kuvågen som har gått på Lunde, som får Os barneskule som ny nærskule.

– I tilfelle nokon ikkje er flinke å lesa post frå skulen i detalj, ville det vore enklare å lata alle gå vidare der dei er, med mindre dei aktivt søkte seg til ny skule (med unntak av Hegglandsdalen barneskule, der alle flyttar)? Elevar vil vel stort sett halda fram der dei er i dag, og heller ta grep om dei vil flytta på seg?

– No er det nokre år sidan denne planen blei vedtatt, og det blei bestemt å gjera det sånn, at flest mogleg blir plasserte på sin nærskule. Samtidig vil vi informera grundig, med brev og via skulen. Det kjem òg nytt brev med vedtak om kven som får ny nærskule, seier fagsjef for skule, Janne Eik, til Midtsiden.

– Har kommunen ønskje om at flest mogleg skal bli flytta til enkelte skular, grunna kapasitet?

– Nei. Alle skulane har kapasitet til dei elevane dei har i dag. Rektorane vil òg ha jamn dialog utover vinter og vår, om det er nokon som vil endra så skal det gå fint. Nett no er det mest viktig for oss å for cirkatal, så rektorane kan byrja å planlegga bemanning og fordeling av ressursar til hausten 2021.

Fagsjef Janne Eik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fagsjef Janne Eik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.