Sport | 08. des. 2018

Vil du prøva ei ny turløype?

Os kommune og Os Turlag held fram med skilting, merking og kloppebygging. Her er status - og nokre anbefalingar.

Turen til den gamle buplassen Rødsteinen er kort og fin. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 08. des. 2018 10:32

Bildeserie:

Roar Haugsgjerd, her på Tøsdal. (Foto: KOG)
Start på Rød, nær Rødsliane.
For hundre år sidan budde det folk her. (Foto: KOG)
Den tragiske historia blir fortalt på staden. (Foto: KOG)
Eit nett av løyper - godt skilta. (Foto: KOG)
Roar Haugsgjerd, her på Tøsdal. (Foto: KOG)
Start på Rød, nær Rødsliane.
1 av 5
Start på Rød, nær Rødsliane.
For hundre år sidan budde det folk her. (Foto: KOG)
Den tragiske historia blir fortalt på staden. (Foto: KOG)
Eit nett av løyper - godt skilta. (Foto: KOG)
Roar Haugsgjerd, her på Tøsdal. (Foto: KOG)

Kulturkonsulent og «turoperatør» i Os kommune, Roar Hausgjerd, kan sjå tilbake på nok eit år med friluftsfremjande tiltak i Os.

– No er vi på godt veg til å ferdigstilla merking og oppgradering av turløypene i området Høglikampen og Varafjellet.

– Då kan du for eksempel ta utgangspunkt i Askvik, gå opp Høglikampen, vidare til Vardafjellet og Ulvenfjellet. Dette turområdet er eit godt altenativ til dei som soknar til Liafjellet som fast turområde, fortel Hausgjerd.

Kulturkonsulenten kan ikkje få rost dugnadsgjengen frå Os Turlag nok;

– Måten dei kombinerer turar og dugnadsarbeid er heilt framifrå, og det kjem så utruleg mange til gode!

• Les òg: Har merkt 23 stiar i Os (november 2017)

Mykje å velja i

– Om du skulle tipsa osingane om gode turar, kor bør dei gå?

– Min personlege favoritt er nok turen til Raudlio og Midtsæterfjellet. Der var stien blaut og dårleg, no har dugnadsgjengen til Os Turlag gjort ein kjempejobb med å laga klopper og bruer.

Parkeringsplassen er òg utvida, fortel Hausgjerd.

• Godt turnytt frå budsjettet: Set av 2 millionar i fond til tur-parkering

– Utsikta på toppen er fantastisk, og om du vil kan du følgja fjellryggen vidare innover mot Rindafjellet, Sauskolten, Søtafjellet og heilt inn til Svéningen.

Hausgjerd fortel vidare at det etterkvart byrjar å bli mange kilometer med godt merkte og tilrettelagde turar i Os. Det er god variasjon i terreng og underlag, og du treng ikkje vera fjellgeit for å kunna nyta naturen i Os.

– Ta til dømes turen inn til Raudlio; dette er ein tur som passar alle. Her kan du trilla inn med barnevogn om du vil.

Rødsteinen - tur med historie

Artikkelforfattaren har nyleg teke for seg turområda som soknar til Hegglandsdalen, med utgangspunkt i Eidsvegen/Berge.

Her dukka det opp kilometervis med flotte turløyper, hovudsakleg i skogsterreng, og med mykje flott utsikt. Undervegs er det skilta til fleire utsiktspunkt, det eine med benkar og bord (!).

Startar du på toppen av Eidsvegen, rett forbi Berge, kan du anten gå ei rundløype som tek deg innom Berge og langsmed innseglinga til Fusa-ferjo. Denne turen er på om lag 6 kilometer, og delar av turen går i bratt terreng, men er du fotfør er dette ein spanande tur.

Du får med deg 231 høgdemeter på turen.

Kjenner du på lysta til å gå over mila, tek du rundturen frå Eidsvegen, inn til Rødsteinen og attende. Då får du 12 kilometer i beina og gode 680 høgdemeter. Turen sitt høgdepunkt, og ein god plass å rasta, er ved Rødsteinen. Her budde det folk frå 1880 til 1916. Det står framleis att restar etter husa på garden. Informasjonsskilt på staden fortel ei tragisk historie om liv og laga i ei svunnen tid.

Rødsteinen kan òg nåast om du tek utgangspunkt lengre inn i Hegglandsdalen, ved Rød. Då kan du velja mellom ei rundløype innom Lio på 4 kilometer, eller rett til Rødsteinen på knappe 2 kilometer.

36 gjekk Jaktfalken og Vandrefalken

I juni vart Vandrefalken (5 toppar) og Jaktfalken (10 toppar) relansert av Hegglandsdalen idrettslag og Os Turlag. I samarbeid med Jernia Paul M Sælen & Co vart det revidert fjelltopp-liste, nye kort, postkassar og premiar.

Første veka i november hadde 71 registrert seg og 36 hadde fullført eitt av merka.

Les meir og sjå liste over toppane.

Tips til deg som skal på tur i Os:
• Du finn gode turar og kart på appane DNTSjekkUt og UT.no
• Sjekk vêret på Pent.no. Det kan vera surare på toppen enn det du trudde.
• Lat att grinda etter deg.
• Meld ifrå kvar du går. Spesielt om du går åleine. Det er ikkje garantert at du har mobildekning heile vegen.
• Sjekk at hjernen er tilkopla før du parkerer bilen og tek fatt på turen; Står bilen din til hinder for nokon? Står du på privat eller dyrka mark?
• Ein sjokolade eller noko anna med energi er lurt å ha med. Turen kan ta lengre tid enn planlagt.
God tur!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.