Vil du varsla om dårleg veg?
Vil du rapportera lokale problem? Den nye nettstaden «Fiks gata mi» tar imot deg - og sender meldinga vidare til rett person.

I dag blei den riksdekkande tenesten «Fiks gata mi» lansert. På nettstaden kan du rapportera feil eller manglar som hol i vegen, boss eller manglande veglys.
– Utgangspunktet er at du som innbyggar skal kunna melda frå om en feil eller manglar, utan at du treng å veta kven som burde hatt beskjeden, seier Christer Gundersen til NRK.no.
Gundersen er fungerande direktør i Friprogsenteret - eit kompetansesenter finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Systemet i Fiks gata mi ruter meldinga di til rett eining i ditt lokalmiljø, og på den måten vera eit nyttig verktøy for dei som jobbar med samferdsle.
Når du kjem inn på nettsida kan du tasta postnummeret ditt og finna feil som er rapportert, og finna dei merkt i kart.
Fleire hundre meldingar har kome inn, men førebels ingen i Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.