Kultur | 06. aug. 2019

– Vil du vera med på skattejakt?

Sjørøvarar skal ha mista fleire skattar på Lysøen - på laurdag kan du vera med å leita etter dei.

– Vil du vera med på skattejakt?
Sjørøvarar skal ha mista skattar på Lysøen - no treng Lysøens Venner hjelp til å finna dei att. (Arkivfoto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 06. aug. 2019 07:31

Lysøens Venner består av frivillige som har engasjert seg for museet som Ole Bulls villa er del av. I tillegg til dugnadsinnsats og andre støttefunksjonar bidrar dei med idear.

På laurdag inviterer dei til gratis skattejakt på øya, med is i premie til dei som finn skattane.

Treng hjelp frå unge skattejegarar

Styreleiar for Lysøens venner, Bjørn Laastad, fortel at nokre sjørøvarar har vore på Lysøen, vart oppdaga og sprang til skipet sitt og stakk av. Mens dei skunda seg til båten mista dei fleire skattar, og no treng Museet Lysøen hjelp til å finna desse igjen.

– Det er fri start mellom kl. 12.00 og 14.00, med påmelding/registrering i kafeen ved Ole Bulls villa. Arrangementet er gratis, men du må løysa billett med museets skyssbåt. Denne har avgong fra Buena kai hver hele time fra kl. 11.00, og køyrer ekstraavganger om naudsynt.

Laastad lovar ein aktiv og spennende dag på Lysøen for store og små.

Skattejakten passar best for born under 10 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.