Lokal | 08. nov. 2019

Vil du vera utan bil nokre veker?

Politiet ber innbyggarane bli flinkare å sjekka om bilen skulle vore EU-godkjent.

Vil du vera utan bil nokre veker?
Lensmann Oddbjørn Dyrdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. nov. 2019 08:54

Det er vintervêr i lufta, og politiet prioriterer i desse dagar trafikk.

– Det er stort sett patruljering og sjekk av teknisk, som lys og dekk, seier lensmannOddbjørn Dyrdal.

Den siste tida har dei òg kome over ein del bilar som ikkje er EU-godkjent innan fristen.

– Vi ønskje å minna folk på å sjekka årstal og månad for kor tid bilen skulle vore EU-godkjent. Bommer du på dette, og vi tar skilta, risikerer du å måtta venta på både EU-kontroll og ny verkstadtime for utbetring av feil. Då kan det bli nokre dagar eller veker utan bil.

denne sida hos vegvesen.no kan du sjekka kor tid bilen din skal vera EU-godkjent neste gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.