Vil få fleire ut i naturen: Har fått 150.000 kroner i støtte
No ønskjer Os Pensjonistforening innspel til mogeleg plassering av benkar.


Os Pensjonistforening er tildelt 150.000 kroner til prosjektet «God og trygg tilgang til naturen».
– Friluftsrådenes landsforbund kom med gladmeldinga! seier leiar i Os Pensjonistforening, Bjørn Sivertsen.
Friluftsrådenes landsforbund skriv: «Det er med stor glede me kunngjer at prosjekta deira 11088 er støtta av Friluftsrådenes landsforbund (FL), og gjorde mogleg av Gjensidigestiftelsen. FL-administrasjonen har etter omfattande og grundig vurdering vedteke å gi støtte til prosjekt 11088 med 150.000 kroner.
Søknaden frå Os Pensjonistforening inneheldt mellom anna følgande:
Turgåing er ein enkel aktivitet med gode moglegheiter for å aktivisera dei som i dag er for lite fysisk aktive, men dørstokkmila blir ofte for lang for mange. Å setja ut kvilebenkar langs gangvegar og turstiar kan gjera at fleire orkar å starta på prosessen med å komma i betra form.
Benkar med interessant informasjon om natur, lokal kulturhistorie, kjende personar og bygningar, eit dikt eller fleire, ulike trimøvingar for å nemne noko, kan også vera med og lokka fleire på ut på tur.
Os Pensjonistforening vil samarbeida med kommuneadministrasjonen og med lag og organisasjonar i krinsane rundt i heile Bjørnafjorden kommune for å velja ut aktuelle gangvegar og turvegar.
Benkane skal vera utforma i tråd med anbefalingar til ein aldersvennleg benk: Minst 45 cm høg og ha ryggstø og armlene.
Pensjonistforeninga vil setje ut benkar for å dekkja to behov:
1. Langs sentrale gangvegar mellom heim og butikk og sosiale møteplassar for å gjere det mogeleg for dei med fysiske utfordringar og set ned uthald å komma seg til og frå til fots. (Tilråding til eit aldersvennleg samfunn er maks 200 meter avstand mellom kvilebenkar)
2. Langs turvegar som er framkommelege for folk flest. Benkane vil bli set ut med om lag 200 meters avstand, tilpassa terreng og fysiske tilhøve.
I søknaden er òg eit sitat frå Anne Berit Rafoss, Senter for eit aldersvennleg Noreg:
«Eitt av dei mest synlege aldersvennlege tiltaka eg kan tenkja meg er ein benk. Ein benk er ein møteplass, ein stad for pause, refleksjon og sosialt samvær. Til og med for litt trim om ein set sirkulasjonspedalar framfor. Du kan også skapa nysgjerrigheit og ein grunn til å oppsøkja benken, ved å ha oppslag eller plakat i nærleiken med litt historie, fakta eller eit dikt. Benker kan vera eit lågterskeltiltak som ikkje treng å kosta så mykje, men som kan vera ein start på utvikling av eit aldersvennleg område, stig og nærområde.»
Os Pensjonistforening ønskjer innspel til mogeleg plassering av benkar der du kjenner det er trong for ein kvilebenk, anten det er på veg til eller frå butikken, eller ein turveg/gangveg du nyttar, eller kan nytta om der var ein benk du kunne setja deg ned å kvila på.






