Lokal | 15. sep. 2017

Vil fjerna «tullete» havneavgift

– Å betala for å legga til ved eigen kai, er som å få krav om parkeringsavgift for å ha bilen i sin eigen garasje.

Vil fjerna «tullete» havneavgift
Hargun si kai på Sundøy (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 15. sep. 2017 07:50

Då formannskapet denne veka skulle ta stilling til etablering av eit nytt interkommunalt selskap (IKS) for den lovpålagte delen av havnevirksomheten i Bergensregionen tok Eirik André Hesthamar (Frp) opp problematikken rundt havneavgifta.

– Kvar gong eit fartøy som er lengre enn 15 meter går til kai så kjem det ein faktura som heiter anløpsavgift. Denne kjem uavhengig av om det er ei kommunal offentleg kai, eller om det er eins eigen private kai.

– Vi har ganske mange næringsaktørar som har tilhold på sjø, men som anløper dei private kaiene i Os kommune og som blir fakturert av Bergen hamnevesen uten at ein kan sjå at dei får ein motytelse for fakturaen.

– Dette blir omtrent som å skulle betala parkeringsavgift for å parkere bilen i din eigen garasje, illustrerte Hesthamar, som la til at det det er greitt med anløpsavgift ved offentlege kaiar, kor ein får tenester som landstrøm, avfallshandtering eller anna som motytelse.

Ikkje i Os

Hesthamar fremja difor følgjande tilleggspunkt:

«Når ny "forskrift om anløpsavgift for Bergen og omland havn IKS" skal utarbeides skal følgende være gjeldende innenfor Os kommunes grenser:

Fartøy som anløper private/ikke offentlige havneanlegg i Os kommune skal ikke pålegges havneanløpsavgift.

Fartøy som anløper private/ikke offentlige havneanlegg i Os kommune skal ikke pålegges noen form for avgifter såfremt det ikke er mottatt en gjenytende teneste som legitimerer avgiften, f.eks avfallslevering, landstrøm.»

Eit samrøysta formannskap støtta framlegget, men ba om meir informasjon omkring problemstillinga før saka kjem opp i kommunestyret.

Varierer frå hamn til hamn

Kor stor rekninga blir varierer frå hamn til hamn, men ligg omlag på 1000 kroner per landing.

– Avgifta varierer frå hamn til hamn. Om vi for eksempel skal skifta delar av mannskapet, og ligga til kai nokre få minutt, kan det vera billigare å senda mannskapen til Danmark med fly enn å plukka han opp i Kristiansand, seier skipper og medeigar i Hagun Havfiske AS, Rune Garvik.

– Men å betala avgift for å legga til ein kai du eig sjølv framstår som ulogisk. Argumentet i si tid var at Havnevesenet var i beredskap i tilfelle forureining. Men vi veit jo det at om det skjer noko gale så byrjar taksameteret å gå med éin gong. Og skjer det ein skade på kaien vår så må vi ordna den sjølv, det er ikkje Havnevesenet som bidrar til at vi har ein trygg og god kai.

– Vi har prøvd å bli kvitt denne avgifta før, men det er ikkje enkelt. Den skal vel vera med på å finansiera byråkratiet, men argumenta for å krevja avgift for bruk av andre sin eigedom er svært tynne, meiner Garvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.