Lokal | 17. juli 2017

Vil fjerna vegavgift på bensin til båt

Om forslaget går gjennom kan båtturen bli cirka 30 prosent billigare.

Vil fjerna vegavgift på bensin til båt
Båtar med dieselmotor slepp vegavgift. No vil Frp likestilla bensin og diesel til sjøs. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. juli 2017 09:10

Visste du at 5,19 kroner av literprisen på bensin er vegbruksavgift? Når du køyrer båt betaler du like mykje i vegavgift på bensin som bilistane (CO2-avgift kjem utanom).

– Denne ordninga er heilt urimeleg slik den er innretta i dag. Båtar med dieselmotor kan fylla avgiftsfri diesel, mens båtar med bensinmotor må betala full vegbruksavgift, seier Hans Andreas Limi (Frp) til TV 2.

Båtar slepp, som traktorar og anleggsmaskiner, unna vegbruksavgifta på diesel. Denne var på 3,56 kroner i 2010.

30-40 millionar i året

Det er i dag 750.000 fritidsbåtar i Noreg. Desse fyller til saman 6 millionar liter med båtbensin, noko som gjer at Staten tar inn 30-40 millionar kroner i vegavgift på båt i løpet av eit år.

– Summen er liten for Staten, men betyr mykje for den enkelte båteigar, meiner Limi.

Høyre er ikkje framand for å støtta forslaget.

– Vi avviser ingen forslag om skatte- og avgiftslettelser, men det må vurderast i budsjettarbeidet, seier Høyre sin finanspolitiske talsmann, Svein Flåtten, til NTB.

Årsavgifta på bil er erstatta

Som kjent har regjeringa fjerna årsavgifta på bil, tidlegare kalla vegavgift, og i utgangspunktet innført som ei midlertidig avgift.

Denne er erstatta med trafikkforsikringsavgift frå 2018.

Les meir om dette på regjeringen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.