Næringsliv | 15. jan. 2014

Vil flagga ut Lyssand-produksjonen

– Vi vurderer å flytta produksjonen frå Os til Lenhovda i Sverige, seier administrerande direktør i Inwido, Espen Hoff.

Om styret i februar vedtar flytting blir det produksjon ut 2014 på Lyssand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. jan. 2014 10:03

Inwido, som i 2006 kjøpte Lyssand Treindustri AS, vurderer å flytta produksjonen til Sverige. Dei tilsette blei varsla på allmannamøte i dag.

– Vi vurderer å flytta produksjonen frå Os til Lenhovda/Vetlanda i Sverige innan utgangen av 2014. Sal og administrasjon blir verande i Noreg med kontor sentralt i Bergen, skriv Inwido i ei pressemelding i dag.

Saka skal endeleg styrebehandlast i midten av februar.

Sviktande lønsemd

Inwidos sin ambisjon er å bli den sterkaste utfordreren i det norske dør- og vindusmarkedet gjennom å vidareutvikla og styrka merkevarer som Lyssand, Diplomat og Frekhaug.

– Merkevara Lyssand vil bli styrka gjennom meir effektiv produksjon, seier administrerende direktør Espen Hoff i Inwido.

Hovedårsaka til flyttinga er sviktende lønsemd for Lyssand Treindustri AS. I tillegg opplever selskapet ein marknad i tilbakegang.

Lyssand Treindustri AS auka omsetnaden frå 185 til 223 millionar kroner frå 2011 til 2012, og gjekk med over 7 millionar i overskot begge år.

93 tilsette

– På Vetlanda/Lenhovda har vi fleire moderne fabrikkar som produserer same produkter som vi gjer på Os i dag. Ved ei eventuell flytting vil vi styrka lønsemda, seier Hoff.

Lyssand-fabrikken, som har stolte tradisjonar tilbake til etableringa i 1947. Selskapet hadde 117 tilsette før dei 1. januar reduserte til 93, då fleire i sal og administrasjon gjekk over til Inwido.

Mange av dei 93 som er igjen risikerer no å mista jobben sin.

– Det er beklageleg at vi må vurdera eit slikt grep, og eg føler med dei tilsette som har fått den tunge beskjeden i dag.

– Vi har allereie starta drøftingsmøte med dei tillitsvalte, om blant anna korleis vi kan hjelpa dei tilsette med å finna ny jobb, om styret vedtar flytting.

I tillegg til dei tilsette blei i dag Os kommune, fylkeskommunen og NAV orientert om situasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.