Lokal | 19. mai 2016

Vil forskottera fylkesveg

Os kommunestyre sa ja til å forskuttera 2/3 av kostnadane med fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret.

Vil forskottera fylkesveg
Kommunestyret vedtok å forskuttera utbygginga av fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 19. mai 2016 07:23

10. mai presenterte ordførar Terje Søviknes ei løysing til å forskuttera 2/3 av kostnaden med å nytta seg av opsjonen Statens vegvesen har med Veidekke for å få bygd fylkesvegarmen mellom Åsen og Helleskaret allereie no.

Les: Os kommune vil legga ut for Åsen-Helleskaret

Må truleg bruka eigne pengar

Rådmann Christian Fotland fortalde då kommunestyret handsama saka onsdag at han hadde hatt ein tett dialog med fylkesmannen kring sjølve finansieringsordninga og spørsmålet om Os kommune kan lånefinansiera beløpet, eller om ein må nytta av eigne midlar.

– Slik regelverket er i dag kan ikkje vi ta opp eit lån og gje dette vidare til ein annan offentleg utbyggar. Difor trur eg at om vi skal forskuttera det i dag, så må vi ta det av dei ubundne driftsfonda våre.

– Fylkesmannen har sagt at han vil følgja opp saka vidare og koma med eit skikkeleg avklart svar omkring det er lov å låna pengane, fortalde rådmannen.

– Det er no vi har sjansen

Jostein Bondevik (KrF) var tydeleg på at ein måtte gjera det ein kunne for å få realisert fylkesvegarmen.

– Eg forstår det er juridiske utfordringar, men vi må gjera det vi kan for å få til denne vegen. Dette er berre byrjinga på noko stort. Då tenker eg på vegen videre om Hildershamn-Drange som fleire av oss har programfesta at vi ønskjer.

– Sidan dette ikkje vil bli ein prioritert vegstrekning frå fylket sin side, så er det viktig for kommunen sin del at vi strekk oss så langt vi kan, argumenterte Bondevik.

Han fekk støtte frå Terje Søviknes (Frp) som er den som saman med rådmannen har jobba tettast opp mot fylkeskommunen og fylkesmannen.

– Bondevik set fokus på det altovervegande. Det er eit tidsvindauge no kor vi kan få det realisert i samband med E39-utbygginga, etter dette blir alt usikkert og vi veit ikkje kva tidshorisont vi snakkar om. Fylkeskommunen har sagt at dei vil prioritera hovudvegnettet i rulleringa av transportplanen. Denne vegen fell utanfor og der må vi kjempa for Hatvikvegen.

– Som Bondevik peiker på har mange sagt at vi vil ha ein fylkeveg mellom Drange og Hildershamn. Dette er starten på det å etterkvart kunne utløysa det spennande området som ligg der ute, påpeika Søviknes.

Kven skal vera med på spleiselaget?

Forslaget til løysing legg opp til eit spleiselag mellom kommunen, grunneigarar/utbyggarar og fylkeskommunen.

– Som utflytta Lysefjording ser eg dette som ei gåvepakke. Eg har sjølv hatt ungar som har køyrd utanfor dagens veg med skulebussen, så dette er eit fantastisk bra prosjekt.

– Men eg lurer på kor er grensa satt for kven som skal vera med på spleiselaget. Vi har fått ei liste i dag, men veit òg at det er planlagt bueiningar utanfor dette området. Eg vil tru at ungane som busettast i desse områda og etterkvart i Endelausemarka vil gå på Lysekloster barneskule og skal bruka vegen. Ser ein ikkje på desse som berørte og at dei difor skal stå utanfor spleiselaget, undra Tone Hepsøe (Ap).

Les: Kan Åsen-Helleskaret løysast på ein annan måte?

Berre dei som er direkte berørt

Søviknes svara på spørsmålet frå Hepsøe med å foreslå eit tillegg i vedtaket.

– Frp/H vil foreslå eit tillegg der vi presierer at det er dei som direkte får utløyst sine byggeområder gjennom den nye vegen som skal vera med på spleiselaget.

– Det er vanskeleg å teikna kart i området, det er teigar på kryss og tvers og dei ulike grunneigarane og utbyggarane har kome ulikt langt. Difor meiner vi det er rett å presisera at det er dei som får løyst ut sine utbyggingsprosjekt som blir omfatta av avtalen. Sjølvsagt vil andre kunna nytta vegen òg.

Kommunen kan tena pengar på veg

Kor mange bueiningar som kjem i området som følge av fylkesvegarmen er usikkert. Kjem det 850 vil kommunen gå i balanse med forkutteringa om kvar bueining skal betala 40 000 kroner. Kjem det 2000, som har vore antyda som ein moglegheit, vil kommunen sitja att med eit overskot på rundt 40 millionar kroner.

– Har vi lov til å ta det overskotet vi kan få på dette prosjektet om det blir så mykje som 2000 bueiningar. Er det slik at kommunen kan driva butikk på vegbygging, undra Helge Steinum (Ap).

– Ja, det har vi høve til. Vi kan tena 40 millionar om vi ønskjer, svarer rådmann Christian Fotland, som før møtet hadde sjekka nettopp det med fylkesmannen.

– Skulle no kommunen gjera noko butikk på dette, så trur eg det vil vera veldig langt fram i tid. Dei eventuelle overskotsmidla vil koma innbyggarane til gode gjennom betre kommunale vegar, barnehagar, skular og andre tenester. Vi må berre køyra på, supplerte Marie Bruarøy (H).

Framlegget til vedtak blei samrøystes vedteke med tillegg kor ein presierte kven som skal vera med på spleiselaget og at kommunen føreset at Hordaland fylkeskommune tek byggherreansvaret og med det også risikoen ved eventuelle overskridingar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.