Lokal | 10. des. 2013

Vil framleis selja

Rådmannen inviterer kommunestyret til å oppretthalda vedtaket om sal av Fjellheim.

Vil framleis selja
Saka om Fjellheim kjem til ny politisk handsaming i kommunestyret tysdag om ei veke (foto: Enya Johnsen)
Andris Hamretirsdag 10. des. 2013 08:51

Når kommunestyret tek sete tysdag om ei veke skal dei handsama saka om Fjellheim. Saka kjem opp etter at Foreninga Bevar Fjellheim tok eit innbyggjerinitiativ for å fremje den på nytt til politisk behandling.

Foreninga har presentert ein plan for korleis dei kan driva huset dei kommande tre åra.

No har rådmannen kome med si innstilling til politikarane kor han skriv: "Det er ikkje kome fram opplysningar som endrar føresetnadene for kommunestyret sitt vedtak av 18.12.08 om sal av Fjellheim. Vedtaket av 18.12.08 vert stadfesta."

Bevaring vs utvikling

Rådmannen peiker i framlegget på at ønskje om bevaring må målast opp mot det potensialet ein ser for seg ved å utvikla området.

– Svært mykje, kanskje alt og noko til, av dei aktivitetar som «Bevar Fjellheim» ser for seg i Fjellheim kan utviklast i samspel mellom Oseana og utbygginga som er planlagt rundt Os Ungdomsskule/Os skule, skriv rådmann Knut Terje Rekve.

Kjensla fortener respekt

Til å hjelpa seg med vurderingane har rådmannen henta inn uttale frå "ein røynd kulturarbeider i Os" og leiar av prosjektavdelinga Tor Inge Døsen.

Båe støtter oppundar rådmannen si vurdering av at Fjellheim si tid nok er forbi og at kommunen kan gjera betre nytte av området.

– At Fjellheim har hatt umåteleg stor verdi for Os kommune er uimotseieleg. Det har tent bygda på ein god måte frå den tida då vi var 4000 osingar fram til i dag når vi er 19000. At mange har sterke kjensler for huset er heilt naturleg og bør ikkje vera overraskande. Slike kjensler fortener all mogeleg respekt.

– Med planane som ligg føre for nye arenaer i tillegg til Oseana, vert drift i Fjellheim kanskje likevel litt ulogisk, ikkje minst på at vi har ein ressursbruk som må prioriterast, uttalar kulturarbeidaren.

Treng fleire bustader

Kommunen arbeider med fleire større reguleringsplanar i og rundt Osøyro.

– Os kommune ser det som sers viktig å leggja til rette for - og sjølv bidra til – at det blir kanalisert maksimalt med utviklingsenergi inn mot Osøyro for å oppnå ei god sentrumsutvikling.

– I all tettstadsutvikling er det ein allmenn oppfatning at ein robust tettstad lyt få tilrettelagt attraktive bumiljø. Det er folk som skapar den positive energien ein krev for at tettstaden vår skal utvikla seg positivt.

– På Osøyro er det i dag få bustader, kanskje så lite som 200 bustader i det vi dagleg kallar sentrumsområdet. Dette er mindre enn 3 % av den totale bustadmassen i Os, mens eit robust sentrum, som gjev VEKSTKRAFT NOK TIL Å FORNYE SEG SJØLV , burde ligge på minst 10-15 %.

– Det er av vital betyding at utviklinga av Osøyro utviklar seg på ein måte som gjev ei robust, trygg og vital framtid for komande generasjonar. Ein av bærebjelkane for å oppnå dette er å leggje til rette for ei rask og markant auke av bustader i eit stort mangfald. Det bør være eit mål at det veks fram minst 500 nye bustader i sentrumsområdet i løpet av komande 10-års periode, argumenterer Døsen.

Potensiale på 28 millionar

I tillegg skisserar Døsen eit potensiale på opp mot 23-28 millionar kroner for kommunen sin andel av eigedommane.

– Reguleringsplan for Stegen -Fjellheim legg til grunn 2 delprosjekt for bustader for Fjellheimområdet. Samla bustadmengdefor tomta vil kunne bli rundt 6000 m2 salgbar buflate. Legg ein til grunn eit gjennomsnittleg salsnivå på kr 42.000 og ein tomteverdi på 12 - 15 % av salsverdien kan samla tomteverdi liggja på rundt 30 – 38 mill kr . Kommunen eig om lag 75 % av grunneigedomen , så kommunal andel kan bli 23 – 28 mill kroner.

Optimistisk budsjettert

Rådmannen vel i saksutgreiinga ikkje å gå inn på detaljane i innspela frå Foreninga Bevar Fjellheim, men kommenterar at kostander og driftsopplegg ser ut til å vera optimistisk budsjettert.

– Ny reguleringsplan for området, som legg til rette for sal av Fjellheim til utbyggingsføremål, er venta å komme til politisk handsaming med det første. Slik sett må alternativ inntekt/gevinst frå sal reknast opp mot alternativ inntekt frå bortleige. «Normal» husleige, som kommunen i så fall må rekne ved bortleige av Fjellheim, vert då minimum 5 -600.000 kr årleg (her rekna 2,5 % rente, noko som er svært lågt) for å erstatte inntektsbortfallet. Om «Bevar Fjellheim» ser for seg at dei kan drive aktivitetar som kan gje inntekt i denne storleik, i tillegg til dei leigeinntekter som alt er budsjettert inn i opplegget deira, (samla 8- 900.000 kr årleg) er tvilsam, konkluderer rådmann Knut Terje Rekve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.