Lokal | 15. apr. 2016

Vil gjera kommunale sal smidigare

Rådmannen vil gjera sal av kommunale eigedomar smidigare, mellomanna ved å kunne gå i direktedialog med store eigedomsutviklarar.

Vil gjera kommunale sal smidigare
Formannskapet gjekk inn for dei nye reglane mot ei (MDG) røyst (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. apr. 2016 08:07

Kommunen har opp gjennom åra blitt ein betydeleg eigedomsaktør i Os. No vil dei gjera om praksisen med korleis ein sel eigedommane for å gjera det smidigare for å sikra at ein får store og solide aktørar inn.

– Kva er den store forskjellen mellom slik det har ovre og det som ligg i forslaget, undra Helge Steinum (Ap) i formannskapet tysdag.

– Slik det er i dag så er det begrensingar for eigedomsutvalet på å gå i direktedialog med enkeltaktørar. I dagens marknad og med dei store bustadeigedommane kommunen sit på, så er det viktig at aktørane er så solide at vi er sikre på at dei er i stand til å utvikle eigedomane slik vi ønskjer, innan den tida vi ønskjer og at dei har finansielle musklar til å unne fullføra prosjektet, forklarte rådmann Christian Fotland.

– I tillegg er det ein ting til. Kommunestyret skal framleis gjera prinsippvedtak om at ein eigedom skal seljast, men tidlegare har det vore slik at avtalar over fire millionar har måtte kome tilbake til kommunestyret for godkjenning. No vil vi delegera dette til eigedomsutvalet. Vi snur på det for å få ein smidigare prosess, supplerte ordførar Terje Søviknes.

Gjev større handlingsrom

Saka som kom som ei tilleggssak til formannskapet gjorde at politikarane ikkje hadde fått diskutert den i partia sine og difor hadde behov for fleire avklaringar.

– Vil ikkje dette gjera at ein potensielt stengjer ute store aktørar som har moglegheit til å utvikle eit område, spørte Steinum.

– Det er alltid i kommunen si interesse å maksimera dei verdiane vi skal realisera. Men det kan vera nokre gonger at det er andre ting enn pris som er viktig for kommunen når ein skal utvikla eit område. Gjennom ei prekvalifisering kan vi få inn aktuelle interessentar som fyller dei gitte kriteria. Deretter vil det bli ei ordinær bodrunde, slik at vi maksimerar inntektspotensialet, svarte Søviknes før han fortsatte.

– Eg har grunna mykje på dette. Endringa har mykje å seie for korleis porsjektstyret og utviklingsdirektøren i Lyseparken kan møta aktuelle interessenter. Om det kjem ein interessant næringsaktør og vurderar å etablera seg i Os, så kan vi missa denne om vi må leggje ut tomten på den opne marknaden og ein må gå i ei ordinær bodrunde. Det nye reglementet vil gje oss eit større handlingsrom når vi skal etablere nye verksemder i Lyseparken, men hovudregelen er framleis at vi skal freiste å maksimera inntektene og at alle eigedommar skal ut i den opne marknaden.

Aktuelle eigedommar

I tillegg til området i Lysefjorden er det fleire eigdommar kommunenser for seg å selja i relativt nær framtid. I saka listar rådmannen opp desse:

  • Landboden 1 v/Kløvertun
  • Landboden 2 v/gamle badet
  • Livet langs linjo /Os gamle barnehage
  • Livet langs linjo /Fjellheim BB2
  • Livet langs linjo /Kvernhuslia BB1
  • Hotelltomten v/Oseana
  • Kuhnlevika
  • Mobergslia
  • Askvikneset
  • Kaifronten Osøyro

Dei alternative modellane

Hovudregelen i det nye forslaget er at kommunale eigedommer framleis skal seljast til høgsbydande i den opne marknaden etter ei utlysing, men ein legg òg opp til tre alternative modellar som kan nyttast dersom ein vurderar det som det beste.

A. Sal etter prekvalifisering og avgrensa bodrunde
Kommunen inviterer interessentar til prekvalifisering på gitte vilkår/kriterie. Invitasjonen kan skje ved open utlysing eller gjennom direkte invitasjon til fleire aktørar. Kvalifiserte aktørar kan deretter delta i ein avgrensa bodrunde på eigedommen. Sal skjer til høgste bod.

B. Sal etter forhandling
Kommunen kan forhandla direkte med ein eller fleire interessentar til ein eigedom, og inngå salsavtale med den som samla sett gjev det beste tilbodet. Sal etter direkte forhandling kan ikkje gjennomførast under verditakst for eigedommen.

C. Sal av mindre tilleggsareal
Sal av mindre tilleggsareal kan skje direkte til interessent der det er avklart at arealet ikkje har interesse for fleire potensielle kjøparar. Sal skjer til takst eller bod.
I tillegg gjev ein større fullmakter til det politiske eigedomsutvalet i samband med sal av eigedommar.

Saka skal endeleg handsamast i kommunestyret 26. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.