Sport | 16. mars 2018

Vil ha siger over Brann på CV-en

Brann-Bodø/Glimt søndag: Vegard Leikvoll Moberg har sett fram til denne kampen ei stund, men var skuffa då terminlista kom.

Vil ha siger over Brann på CV-en
Vegard Leikvoll Moberg i fyr og flamme då Bodø/Glimt slo Lillestrøm 3-1 i serieopninga søndag. (Foto: Kent Even Grundestad, Glimt.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. mars 2018 09:10

Osingen Vegard Leikvoll Moberg (27) fekk 31 kampar, inkludert to NM-kampar, med sin nye klubb Bodø/Glimt i fjor.

«Leik» skåra 9 mål, 2 av dei som matchvinnar i kampen der dei sikra comeback til Eliteserien fire rundar før slutt.

Glimt fekk ein god start i ny divisjon med 3-1-siger over Lillestrøm søndag. «Leik» spelte frå start og heile kampen.

– Grunna snøvêr blei det ein spesiell kamp, med 40 minutt opphald etter 15 minutt spel. Men sportsleg gjekk det bra, både for min eigen del og som lag, synest eg. I periodar spelte vi ut Lillestrøm og vi vann fortent, seier Vegard til Midtsiden.

Vêrforholda gjorde at Brann ikkje fekk spelt kampen borte mot Ranheim, mens Glimt var eit av seks lag som tok 3 poeng i serieopinnga.

• Tabell og terminliste: Eliteserien

Søndag tar Brann imot Bodø/Glimt.

Har aldri vore med på å slå Brann

Troppen til Bodø/Glimt er førebels ikkje tatt ut, men Moberg håper naturlegvis at han får spela. Kampen mot Brann er noko Moberg har sett fram til sidan opprykket i fjor haust.

– Eg var veldig spent då terminlista kom, og skuffa då kampen i Bergen var så tidleg. Eg hadde håpa at den skulle koma seint på våren eller på sommaren.

Både kameratar og familie av Vegard er klare for Stadion søndag.

– Vi har Brann heime i juli, men det var spesielt kampen på Stadion eg såg fram til.

Vegard har vakse opp som Brann-supporter, men det betyr ikkje noko for kor svolten han er på siger søndag. Han har òg spelt mot Brann tidlegare, for Åsane i OBOS-ligaen. No er det eit anna nivå.

– Eg har aldri vore med på å slå Brann, verken i OBOS-ligaen eller i treningskamp. Ein siger over Brann hadde vore kjekt å ha på CV-en.

– Møter du nokre tidlegare lagkameratar på Brann, frå kretslag eller frå andre klubbar?

– Eg var aldri på noko kretslag, men eg spelte ein cup med Brann sitt juniorlag då eg var yngre. Av tidlegare lagkameratar er to spelarar frå Sogndal.

Svært god oppkøyring

Moberg fortel om stor entusiasme både i klubben og i Bodø etter opprykket. Sponsorar har fleska til og vore med på å finansiera oppussing av fellesareal, opphaldsrom og kontor på Aspmyra, og og fleire av lokalavisene har blitt ivrigare på å dekka det som skjer i klubben.

– Vi har òg hatt ein god treningsvinter. Sjølv har eg nok aldri hatt ei betre oppkøyring, fri for sjukdom og skadar med unntak av litt smerter i anklane då vi var på treningsleir på Marbella.

Stallen er styrka noko, men Vegard skildrar konkurransesituasjonen om plassane som ganske lik som i fjor.

– Eg føler vi har ein ganske jamn stall. Du skal vera hundre prosent på trening for å rekna med å få spela neste kamp.

Då Bodø/Glimt spelte i Tippeligaen i 2016 tapte dei 1-0 for Brann i Bergen og 1-3 heime i Bodø.

Brann - Bodø/Glimt startar klokka 18.00 søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.