Sport | 22. feb. 2014

Vil heller bli elska enn støtta

Nye hovud og nye tankar er på plass i styret i Os Turn Fotball.

Vil heller bli elska enn støtta
Det nye styret. F.v.: Knut Haddal, Frode Steffensen, Egil Hodneland, Anette Kleppe, Jan Rune Fjeldstad og Per Olav Sørås. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. feb. 2014 08:30

– Eg vil ha opp engasjementet endå nokre hakk. Eg vil ha tilbake temperaturen og kjenslene, folk skal bli sinte når det går dårleg og skriva lesarinnlegg om ein spelar går midt i sesongen. Sånn som det var før.

– Og så skal folk jubla når det går bra. Eg meiner vi heller skal jobba for at klubben skal bli elska enn støtta, seier Egil Hodneland.

Han er eit av tre nye styremedlemmar i Os Turn Fotball, men slett ingen nykomar på Kuventræ.

– Eg har hatt trenarroller og verv i administrasjonen før, i mange år fram til midten på 80-talet. Etter det følgte eg opp mine eigne ungar med ulike verv i andre klubbar i Osbygda.

– No var eg klar for å engasjera meg på Kuventræ igjen, og ser for meg å jobba spesielt med klubben sitt forhold til medlemmane, foreldra, trenarane, publikum og naboklubbar. Eg vil jobba med korleis vi skal gjera oss fortent til eit endå betre omdømme, både internt og eksternt.

Tre gamle - tre nye

Ut frå førre styre går Stian Nyhus. Inn kjem, i tillegg til Hodneland, Frode Steffensen og Per Olav Sørås.

Frode og Per Olav er, i tillegg til å vera regjerande kretsmeistrar med Os Oldboys, erfarne spelarar og trenarar. Dei to leia A-laget før Øyvind Nordtveit overtok i opprykkssesongen 2006.

– Det har blitt fleire trenarroller på meg opp gjennom åra, men dette er første gong eg engasjerer meg i styret, seier Frode.

– Eg er berre med for å slå Austevoll, spøker Per Olav om 4. divisjonsklubben der han jobbar som kommunalsjef.

– Neida. Eg har følgt med på utviklinga i klubben og takka ja då eg blei spurd. Med den gjengen dei har fått med seg var det ikkje vanskeleg.

Formann Knut Haddal stilte til gjenval og tar nok eit år i leiarstolen. Også Jan Rune Fjeldstad og Anette Hjelle Kleppe er med vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.