Vil kutt i tilskot til Os Pensjonistforening sikra likebehandling?
Betraktningar kring AP sitt forslag og konsekvensane for Os Eldresenteret


Av styret i Os Pensjonistforening
Bakgrunn
Arbeiderpartiet (AP) har foreslått å avvikle det faste tilskotet på 100.000 kroner i tilskot til Os Pensjonistforening. Dei meiner grepet er nødvendig for å sikra likebehandling av frivillige lag.
Dette forslaget har vakt reaksjonar, spesielt med tanke på foreninga si viktige rolle for eldre i lokalmiljøet. Då Os Pensjonistforening for fyrste gong i 2003 søkte om stønad frå kommunen til drifta av Os Eldresenter, var det AP som i Formannskapsmøte forslo å løyva 50.000 kroner.
Så vidt vi veit, har Os Pensjonistforening kvart år etter dette, søkt om, og fått eit årleg tilskot frå kommunen, eit tilskot som etter kvart har auka til dagens sum på 100.000 kroner.
Dette tilskotet har bidrege til at drifta av Os Eldresenter stort sett har gått i balanse og har utvikla seg til et sentralt sosialt tilbod for eldre i området.
Likebehandling?
Når AP vil ha likebehandling av frivillige lag, men ser ut til å gløyme at Os Pensjonistforening, sidan Os Eldresenter vart innvia i 1985, har stått i ei særstilling som sosial samlingsstad for eldre.
Alle frivillige lag i kommunen gjer ein glimrande jobb for kvar sine målgrupper, men det er vel ingen som tilbyr ein sosial møteplass for eldre i eige hus tre dagar i uka.
Eldresenteret – En viktig møteplass
Dei aktive pensjonistane utgjer sjølve ryggrada i drifta av Eldresenteret. Mange har lang erfaring frå arbeidslivet og tar med seg kunnskap og engasjement inn i foreiningsarbeidet. Mangfaldet av tilbod, og alt frå handarbeid til trim og IT-hjelp – viser at pensjonistane har stor bredde i kompetanse og interessefelt.
Dette styrker også samhaldet i lokalsamfunnet, og gir eldre moglegheit til å delta på egne premisser.
Sosialt samvær er avgjerande for trivsel og psykisk helse blant eldre.
Gjennom møteplassen som dagsenteret utgjer, får pensjonistane anledning til å bygge nettverk, utveksle erfaringar og støtte kvarandre. Dette er med på å motvirke einsemd og isolasjon, og bidrar til et varmare og meir inkluderande lokalsamfunn.
Aktiviteter og samarbeid
For å utdjupa kvifor Os Pensjonistforening kvalifiserer for særbehandlig kva gjeld kommunale tilskot, vil vi nemna nokre av prosjekta foreninga har gjennomført dei seinaste åra:
- Spisevenn, eit samarbeidsprosjekt finansiert av Helsedirektoratet og gjennomført i samarbeide mellom Os Yrkesskule, Fusa Yrkesskule og Os Pensjonistforening. Unge og eldre møttes ein gong i månaden til middag og sosialt samvære. Ungdommane serverte og rydda og vaska opp etter maten. Spisevennprosjektet var så vellykka at det har ført til fast samarbeide mellom Os Pensjonistforening og dei to yrkessskulane.
- Vi tilbyr gratis datahjelp kvar torsdag ettermiddag på biblioteka i Eikelandsosen og på Os, der elevar frå Os vgs hjelper eldre som har utfordringar med mobil eller nettbrett.
- Under prosjektnamnet Generasjonstreff, kjem ei HO-klasse ein gong i månaden på besøk til Os Eldresenteret. Dei serverer mat og deltar i aktivitetar og sosialt samvær.
- Os Pensjonistforening administrerte Seniordrosjeprosjektet, eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, bankar og private. Det vart tilbode gratis drosje til og frå alle arrangement mynta på eldre i heile kommunen.
- Os Pensonistforening vidarefører dette tiltaket med gåver frå bankar og private slik at alle som ikkje har egen bil kan få gratis skyss til og frå alle våre arrangement og aktivitetar på Os Eldresenter.
- For to år sidan skaffa vi finansiering og tok initiativ til Stolpejakten i Os, i samarbeide med Os Orienteringsklubb.
- I 2023 fekk vi produsert og sett ut 47 aldersvennlige kvilebenkar på begge sider av fjorden.
I tillegg til å drifte desse prosjekta, vert det lagt ned ein kontinuerleg frivillig innsats for å halda huset og uteområda i forskriftmessig stand og for å drifta foreininga, og sist, men ikkje minst, den store innsatsen som vert lagt ned for å halda open kafé kvar måndag , onsdag og fredag mellom klokka 10 og 14. Kafeen vert drifta av frivillige, under kyndig leiing av ein deltidstilsett kantinebestyrar.
Konsekvenser av kutt i tilskudd
Os Pensjonistforening har vore heldige og landa fleire store prosjekttilskot for ulike tiltak som kjem eldre i heile kommunen til gode.
Men, som det framgår av namnet, det er prosjekttilskot som, når prosjektet er gjennomført, ikkje kan vidareførast utan annan, ny finansiering.
Berre unntaksvis vert det gitt tilskot til å vidareføre eit prosjekt. Då må det søkas om nytt, annleis prosjekt.
Eit kutt på 100.000 kroner i årleg tilskot kan få store konsekvensar for foreininga si drift og aktivitetstilbod.
Det kan bety færre aktivitetar, mindre sosialt tilbod og redusert tilgjengelegheit for de som trenger det mest. I verste fall kan det føre til at fleire eldre opplever isolasjon og einsemd.
Avslutning
Os Pensjonistforening og Eldresenteret er et tydeleg eksempel på kor viktig frivillig arbeid og støttande tiltak er for eldre i samfunnet.
Eit kutt i tilskotet kan ha store negative konsekvensar, og det er derfor grunn til å vurdere nøye om dette er rett veg å gå.
Eit levedyktig Eldresenter er eit viktig bidrag til å sikre at alle eldre får like moglegheiter til å delta i sosiale fellesskap og aktivitetar, uavhengig av økonomiske prioriteringar.
Med helsing, for styret i Os Pensjonistforening
Bjørn Sivertsen, leiar
Astrid Leikvoll, nestleiar
Turid Fjæreide, styremedlem
Per-Arne Vaktdal. styremedlem
Ernst Hoff, styremedlem





