Lokal | 03. apr. 2014

Vil la staten bestemma

Os kommune ønskjer ikkje ha ansvar for å ta avgjerd i saka om fastlegar si reservasjonsrett.

Vil la staten bestemma
Helge Olav Nygard (Krf) meinte legane si samvittighetsfridom vekta tungt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. apr. 2014 08:40

Éin ting var dei samde om, politikarane i tenesteutvalet, då dei handsaman høyringa frå Helse- og omsorgsdepartementet om fastlegar si rett til å reservera seg mot å visa gravide kvinner til abort.

Dei vil ikkje at det skal vera opp til kvar einskild kommune om ein skal tillata det eller ikkje, men at det bør vera ei statleg avgjerd.

Kommunalsjef Nils-Petter Borge hadde på vegne av administrasjonen lagt fram eit forslag til vedtak som sa «Os Kommune ynskjer å gje alle pasientar lovfesta rettar, utan å påføre unødvendige påkjenningar. Avgjerd om fastlegane skal ha reservasjonsrett eller ikkje, bør ikkje vere opp til den enkelte kommune».

KrF: Samvitsfridomen må telja

Helge Olav Nygard (KrF) var, ikkje overraskande, opptatt av at legane si samvet måtte telja og koma fram i saken.

– Vi meiner dette ikkje kan avgjerast på kommunalt nivå.

– Byte av lokalt politisk styre kvart fjerde år vil kunne gjera dette uforutsigbart.

– Det er to forhold som skal vegast opp mot kvarandre. Kvinna sine rettigheiter, men òg legens samvittighetsfridom.

– Vi kan nok vera uenige kva hensyn som skal vega tyngst. Det er eit balanseforhold. Alt som skjer på eit legekontor er heng på etikk og moral, meinte Nygard som fremja eit alternativ framlegg kor legane si samvet blei teke med: «Os Kommune ynskjer, både å verna om samvittighetsfridomen og å gje alle pasientar lovfesta rettar, utan å påføre unødvendige påkjenningar. Avgjerd om fastlegane skal ha reservasjonsrett eller ikkje, bør ikkje vere opp til den enkelte kommune».

Ap: Vil ikkje tillata reservasjonsrett

Saka kom opp etter at Arbeiderpartiet fremja ein interpellasjon i kommunestyret 28. januar.

– Vi held fast på det vi sa i interpellasjonen og vil fremja det same framlegget til vedtak no, som då, påpeika Arild Mads Nilsen (Ap) som la fram følgjande vedtak: «Os kommunestyre meiner at dei lovendringane som er foreslått vil kunna føra til eit dårlegare og meir byråkratisk offentleg helsetilbod. Forslaget vil også setja kvinner i ein vanskeleg situasjon i møte med primærhelsetenesta.

Kommunestyret meiner at omsynet til kvinner i ein sårbar situasjon veg tyngst og ber difor om at Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag ikkje blir vedteke. Dersom forslaget blir vedteke, vil kommunen ikkje tillata fastlegekontraktar som opnar for at fastlegar kan reservera seg mot å visa til abort.»

– Vi er heilt ueinige i at ein lege skal kunne reservera seg mot enkelte delar av legeyrket, men vi er samd i at dette ikkje er ein kommunal oppgåve å avgjera, argumenterte Nilsen, som likevel ville senda eit signal til departementet gjennom høyringsuttala.

Frp/H: Vanskeleg sak

Posisjons- (og regjeringspartia) Frp og Høgre landa på at dei ville støtta administrasjonen sitt framlegg til vedtak.

– Vi går for administrasjonen sitt framlegg.

– Eg personleg er ikkje for moglegheiten til å reservera seg. Kor skal då grensa gå, undra Eirik André Hesthamar (Frp).

– Det er ein vanskeleg sak, kor mange aspekt spelar inn. Det at kvar einskild kommune skal måtte ta stilling til om fastlegane i kommunen skal kunne reservera seg opplever eg som umogleg.

– Store kommunar vil nok få til ei ordning, men kva då med mindre kommunar som kanskje berre har éin fastlege. Det vil utvanne heile fastlegeordninga, meinte Hesthamar, som fekk støtte frå Turid Oltedal Lunde (H) i det siste.

– Det er ei vanskeleg sak, som eigentleg ikkje handlar om for eller mot reservasjonsrett, men om det skal handsamast lokalt eller om det skal overlatast til sentrale mynde.

– Vi meiner det siste.

Tvs: – skal, ikkje bør

Kjetil Guldbrandsøy (TvS) støtta òg langt på veg administrasjonen sitt framlegg, men ville vera enda tydelegare.

– Eg meiner vi bør seia at det er staten som skal ta avgjersla, ikkje at dei bør, slik som administrasjonen legg fram, meinte Guldbrandsøy, som med det fremja det fjerde framlegget til vedtak «Os Kommune ynskjer å gje alle pasientar lovfesta rettar, utan å påføre unødvendige påkjenningar. Avgjerd om fastlegane skal ha reservasjonsrett eller ikkje, skal ikkje vere opp til den enkelte kommune».

Med fleirtal i tenesteutvalet frå Frp/H blei administrasjonen sitt framlegg vedteken med 5 røyster (3 frp/3 h). Dei andre framlegga fekk røystene til partia som fremja dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.