Lokal | 05. apr. 2011

Vil laga friluftsområde

Bergen og Omland Friluftsråd vil ta over ansvaret for delar av Ramsholmen. No har dei søkt Hordaland fylkeskommune om pengar.

Vil laga friluftsområde
Isak Røentirsdag 05. apr. 2011 10:52

Direktoratet for naturforvaltning har i tilrådinga si kome med følgjande prioriterte rekkefølgje for friluftsområde som bør sikrast i Hordaland:
1. Geitvika i Fjell
2. Ramsholmen i Os
3. Fleskaryggen i Austevoll
4. Hille i Kvinnherad.

Bergen og Omland Friluftsråd omtalar Ramsholmen som følgjer:
«Flotte områder på en holme i det mest attraktive skjærgårdsområdet i Bergensområdet. Holmen er delvis opparbeidet og tilrettelagt for funksjonshemma med spesialbrygge og gangveier og fiske/grillbrygge. Det er godkjent bygging av naust til oppbevering av spesialutstyr for funksjonshemma samt lokale i andre etasje.»

- Eg reknar med at vi får svar i løpet av året, men håper på tidleg svar så vi kan overta no i sommar, seier Åge Landro frå BOF.

200 i året

Os Rotaryklubb har laga eit bryggjeanlegg ved Halhjem ferjekai som er spesialtilpassa funksjonshemma. Herifrå kan dei transportera funksjonshemma den korte sjøvegen til og frå Ramsholmen, i eigen spesisialtilpassa båt, UNIK.

På holmen er det bygd ei spesialbryggje og gangvegar som er tilrettelagt for funksjonshemma.

- Frå starten i 2005 har vi årleg hatt rundt 200 personar ut på Ramsholmen. Samarbeidet med BOF, der dei overtar vedlikehaldet og vi held fram å drifta plassen med transport, trur eg blir veldig bra, seier Øystein Moberg frå Os Rotaryklubb.

Naust og kanoar

BOF har søkt om 432.000 kroner til prosjektet.

- Dei skal overta lånet vi har etter dei investeringane vi har gjort med båt og brygger. Samstundes vil vi halda fram med å få finansiert og bygd naust på Ramsholmen.

Tomta er allereie sprengt ut og planert, Os Rotaryklubb håper på å få bygd naustet denne hausten.

- Då vil vi også kjøpa inn nokra kanoar og kajakkar som vi kan ha liggande i naustet og låna vekk til dei som vil ut på fjorden, seier Moberg.

Ramsholmen blir det 25. friulftsområdet i Os om fylket seier ja til søknaden. I dag skal saka opp til førstegongsbehandling i kultur- og ressursutvalet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.