Vil lage det største arrangementet i Bjørnafjorden nokon gong
I 24 timar skal stafettpinnen haldast i gang for dei som har eller har hatt kreft. Målet er å samle folk til eit sterkt og inkluderande solidaritetsarrangement.


– Vi visste eigentleg ikkje kva vi gjekk til, seier Anne Strønen.
Ho og ektemannen Jan Frode Skeie hadde tatt turen til Øygarden for å delta på «Stafett for livet». Dei trudde dei skulle springe eit løp – men møtte noko heilt anna.
– Vi tenkte at dette var ein stafett der ein måtte springe. Men då vi kom dit, såg vi folk i alle moglege tempo. Dei fleste gjekk, og mange gjekk saman. Nokon hadde med barnevogn, andre sat i rullestol, og det var til og med nokon som blei trilla på båre, fortel Anne.
Det var då dei fekk idéen til å ta arrangementet til Kuventræ.

– Det var så rørande. Lag gjekk med bilde av dei dei hadde mista. Fighterane hadde eigne vestar. Stemninga var heilt spesiell.
No skal ekteparet arrangere den aller første «Stafett for livet» i Bjørnafjorden – på Kuventræ, frå klokka 12 laurdag til klokka 12 søndag 19. til 20. september.
– Det er stort
Jan Frode er stafettleiar for arrangementet. Då han får spørsmål om kva det betyr for han, må han ta eit lite sekund før han svarar.
– Det er stort, seier han stille.
Han legg til at nesten alle kjenner nokon som har hatt eller har kreft.
– Dette er eit solidaritetsarrangement. Ei støtte og ei markering for alle som er berørt. Det handlar om å stille opp for dei som har det vanskeleg.
Han meiner namnet kan vere litt misvisande.
– Mange trur dei må springe fordi det heiter stafett. Det må dei verkeleg ikkje. Du kan gå, hinke, trille eller ta det heilt roleg. Det er ingen tidtaking, ingen chip i pinnen og ingen konkurranse. Det einaste målet er å halde stafettpinnen i gang i 24 timar.
Under er ein liten snutt for nokon som hadde kledd seg ut i løypa i Øygarden.
Heile tida skal minst éin deltakar frå kvart lag vere ute på banen, men fleire frå same lag kan gå samtidig.
Gratis å vere med
Eit viktig poeng for arrangørane er at det er gratis å delta.
– Det kostar ingenting å melde seg på. Du kan lage lag med familie, vener, nabolag, kollegaer eller klassekameratar. Du treng ikkje jobbe same stad for å vere på lag, seier Anne.
Har du ikkje lag, kan du melde deg på Kreftforeningen sitt lag.
Sjølv om det er gratis å delta, håpar arrangørane at laga vil samle inn pengar gjennom sponsorar eller eigne tiltak. Under arrangementet blir det òg sal av mellom anna lysposar og armband, og mange lag lagar eigne t-skjorter. Alle inntekter går uavkorta til Kreftforeningen.
På Sotra samla 90 lag og om lag 3.000 deltakarar nesten éin million kroner.
– Den rekorden har vi lyst å slå, seier Jan Frode, og smiler.
Fighterane i front
«Fighterar» er dei som har eller har hatt kreft. Dei er æresgjestar under stafetten og får eigne trøyer.
Det er dei som opnar det heile.
Den første runden er det fighterane som går fremst, og ingen får lov å gå forbi. Dei bestemmer tempoet. Når stafetten går mot slutten søndag, er det òg fighterane som avsluttar.
I løpet av stafetten vil det også vere ei eiga tilstelling med servering, berre for Fighterene.
Når mørket fell laurdag kveld, blir det ei eiga lysmarkering. Då kan ein kjøpe lysposar, skrive namn eller ei helsing, og sette dei ut langs løypa.
– Det var utruleg fint og veldig sterkt, fortel Anne.
I tillegg blir det hjartevegg der folk kan skrive helsingar.
Eit døgn med liv på Kuventræ
Heile arrangementet går føre seg på løpebanen på Kuventræ. Laga kan leige telt som blir plassert rundt bana, og mange gjer det til ein sosial møteplass med stolar, bord og kanskje litt enkel servering.
I telta blir det òg oppmoda om å lage aktivitetar, som svampekast eller lykkehjul, der inntekta går til Kreftforeningen.
– Då vi kom til Øygarden, trudde eg nesten det var marknad. Det var så mykje liv og så mange telt, seier Anne.

Det blir scene, konsertar og innslag gjennom heile døgnet. Ordføraren kjem, og arrangørane jobbar med fleire namn til scena.
– Her kan det vere plass til både etablerte og nye talent. Det skal vere låg terskel for å bidra, seier Jan Frode.
Dei har allereie fått med seg frivillige, men treng fleire til opprigg, nedrigg og gjennomføring.
Kreftforeningen støttar arrangementet med 400.000 kroner. Totalt er det 21 stader i landet som får arrangere «Stafett for livet» i 2026.
Vil samle heile bygda
Anne og Jan Frode håpar dette kan bli det største arrangementet i Bjørnafjorden nokon gong.
– Vi ønsker folk frå alle plassar. Kommunen har meldt at dei vil vere med, og politikarane går samla, på tvers av parti og administrasjon. Vi håpar bedrifter utfordrar kvarandre, og at både små og store lag blir med.
Dei meiner noko av styrken ligg i at dette skjer i eit lokalsamfunn.
– Her kjenner mange kvarandre. Det er lettare å mobilisere. Det handlar om å ufarleggjere det og vise at dette er for alle.
– Om du berre orkar éin runde er du like velkomen, seier Anne.
Ho håpar folk går heim med same kjensla som ho sat igjen med etter Øygarden.
– Eg trur mange kjem til å kjenne at dette vil eg vere med på igjen. Målet er at «Stafett for livet» skal bli noko folk set av i kalenderen kvart år.
Er det vanskeleg å sjå for seg korleis det kan bli? Sjå video frå arrangementet i Øygarden her.





