Lokal | 29. mai 2018

Vil «mangla» 100 mill i året etter kommunesamanslåing

Rådmann Fotland er uroleg for framtida til Bjørnafjorden kommune.

Rådmann Christian F. Fotland er uroa for både dei små reservane og dei høge investeringane til Fusa kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mai 2018 08:24

Bildeserie:

Eirik André Hesthamar ba om felles budsjettkonferanse med Fusa. (Foto: KVB)
Laila Reiertsen (Frp) ba rådmannen seia litt om kommentaren frå fylkesmannen. (Foto: KVB)
Eirik André Hesthamar ba om felles budsjettkonferanse med Fusa. (Foto: KVB)
Laila Reiertsen (Frp) ba rådmannen seia litt om kommentaren frå fylkesmannen. (Foto: KVB)
1 av 2
Laila Reiertsen (Frp) ba rådmannen seia litt om kommentaren frå fylkesmannen. (Foto: KVB)
Eirik André Hesthamar ba om felles budsjettkonferanse med Fusa. (Foto: KVB)

Då kommunereforma var oppe i kommunestyret førre veke orienterte rådmann i Os kommune, og i komande Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland, om det førebuande arbeidet med kommunesamanslåinga.

Dette var ei sak utan framlegg til vedtak.

– Vi har den siste tida hatt gode møte med leiarane i dei 40 utvala. 1. mai 2019 skal alle delprosjekta vera ferdige. Det er fordi vi treng tid til å førebu sakene som skal til behandling i dei første møta i ny kommune.

Rett over ferien skal administrasjonane i gang med å kartlegga alle aksjane, områda og bygningane kommunane Os og Fusa eig. Her ligg det òg mykje politikk, så samarbeidsutvalet får ein del å jobba med her.

Det byrjar òg å utkrystallisera seg nokre forslag til kommunevåpen til ny kommune, i midten av juni skal dette til politisk behandling. Det skal vidare jobbast med strategisk plan, ein plan som skal seia noko meir konkret om målsetnad og konkrete tiltak.

– Den vil bli eit godt verktøy å jobba etter frå oktober og framover. Eg vil trekka fram dei tillitsvalet, og takka dei for det kolossale arbeidet dei legg ned, som deltakar i så og seia alle delprosjekta, sa rådmannen.

Så kom spørsmålet frå Laila Marie Reiertsen (Frp).

– Eg trur vi ligg godt an samanlikna med andre kommunar. Men ifølgje tilbakemelding frå fylkesmannen på årsrekneskapen til Fusa kommune reagerer han på den høge investeringstakta i Fusa. Kan rådmannen seia noko om situasjonen i Fusa og korleis den vil påverka Bjørnafjorden kommune?

Høgare utgifter - lågare inntekt

Fotland fortalte at fellesnemnda er kjent med den høge investeringsgraden i Fusa.

– Eg er uroleg for framtida. Fusa har eit fond på 4-10 millionar, og det er det dei har. Os kommune har mykje, over 300 millionar kroner, sa rådmannen.

Så forklarte han kvifor vi treng litt å gå på.

– Det vil vera naudsynt i den fasen vi går inn i frå 1.1.2020. Då kan vi trenga reservar å tæra på om ikkje kutta skal koma brått.

– Med tanke på at eigedomsskatten som Fusa har skal vekk, så forsvinn 30 millionar i årlege inntekter. Med innfasing av fleire sjukeheimsplassar på Luranetunet aukar utgiftene med 40 millionar. Når kommunen blir større får vi prosentvis lågare folkevekst, noko som fører til reduserte overføringar frå Staten. I dag utgjer desse overføringane over 14 millionar kroner.

Kan ta kutt over tid

Rådmannen reknar med at Bjørnafjorden kommune kan koma til å ha rundt 100 millionar kroner mindre i året å rutta med enn det Os og Fusa har til saman i dag.

– Det er fleire måtar å jamna dette ut på. Vi kan ta det over tid, noko som vil tæra på reservane Os har i dag, eller vi kan ta brå kutt.

– Eg vil tru vi kan klara å kutta i tenestenivået over tid.

Vil samla budsjettkonferansane

Etter rådmannen sitt svar kom eit nytt spørsmål frå Frp, denne gong frå Eirik André Hesthamar.

– Eg har tidlegare sagt at den neste budsjettkonferansen burde vore samla, Os og Fusa, har du tenkt noko meir på dette?

Rådmann Fotland svarte at han har hatt samtalar med rådmann Nils Petter Borge i Fusa om dette, og at dei ser etter datoar som passar begge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.