Politikk | 19. okt. 2021

Vil ny samferdsleminister legga ein dempar på Hordfast?

Jon-Ivar Nygård (Ap) var i lesarinnlegg i 2020 kritisk til Rogfast.

Vil ny samferdsleminister legga ein dempar på Hordfast?
Hordfast med bru over Bjørnafjorden. Nyleg påtroppa samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) innfelt. (Ill: SVV, foto: Fredrik Naumann/Felix Features)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. okt. 2021 06:26

Torsdag blei den nye regjeringa utnemt av Kongen i statsråd, og statsminister Jonas Gahr Støre presenterte statsrådane sine (sjå liste nedst).

Blant desse er samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

«Den første samferdsleministeren på 20 år som ikkje er frå Vestlandet», skriv NRK, og fortel at fleire politikarar i Vestland no er uroa for ferjefri E39.

– Eg er uroa sidan me no har fått ein samferdsleminister som så tydeleg har peikt på ferjerfriprosjekt som noko me skal nedprioritera, medan han meiner me skal opprioritera intercity-utbygginga på Austlandet, seier Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar for Høgre på fylkestinget i Vestland til statskanalen.

Bjørkly viser til at Nygård i 2020 skreiv eit lesarinnlegg i Aftenposten der han stilte seg kritisk Jon Georg Dale (Frp) si prioritering av Rogfast, og då spesielt armen ut til Kvitsøy, som har berre 500 innbyggarar, framfor tog på Austlandet.

Sjølv seier Nygård til NRK at lesarinnlegget var skrive mens han var ordførar, no skal han vera samferdsleminister for heile landet.

Nygård er frå Fredrikstad, der mange ønskjer betre togtilbod.

Intercity-utbygginga er norgeshistorias største samferdselsprosjekt, med 270 kilometer nytt dobbeltspor, toppfart på 250 km/t og 25 nye togstasjonar.

Prosjektet skal gi 1,5 millionar innbyggarar raskare reiser og fleire avgangar.

Den nye regjeringa

Statsminister: Jonas Gahr Støre (Ap)

Finansminister: Trygve Magnus Slagsvold Vedum (Sp)

Arbeids- og inkluderingsminister: Hadia Tajik (Ap)

Forsknings- og høyere utdanningsminister: Ola Borten Moe (Sp)

Fiskeri- og havminister: Bjørnar Selnes Skjæran (Ap)

Utviklingsminister: Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Utenriksminister: Anniken Scharning Huitfeldt (Ap)

Forsvarsminister: Odd Roger Enoksen (Sp)

Klima- og miljøminister: Espen Barth Eide (Ap)

Barne- og familieminister: Kjersti Toppe (Sp)

Kommunal- og distriktsminister: Bjørn Arild Gram (Sp)

Samferdselsminister: Jon-Ivar Nygård (Ap)

Olje- og energiminister: Marte Mjøs Persen (Ap)

Helse- og omsorgsminister: Ingvild Kjerkol (Ap)

Kultur- og likestillingsminister: Anette Trettebergstuen (Ap)

Næringsminister: Jan Christian Vestre (Ap)

Kunnskapsminister: Tonje Brenna (Ap)

Landbruks- og matminister: Sandra Konstance Nygård Borch (Sp)

Justis- og beredskapsminister: Emilie Enger Mehl (Sp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.