Næringsliv | 16. feb. 2014

Vil opna for bubil

Er-An Veikro vil supplera hytteutleige med bubilparkering ved Røykenesvatnet.

Vil opna for bubil
Hanne Catrine og Linda Andersen på den komande bubilcampen på Røykenes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. feb. 2014 08:49

I samband med lett ombygging av den nye vegkroa på Røykenes i vinter har det vore utviding av parkeringsplassen ved restauranten.

– For det første har vi behov for utvida plass, for det andre ønskjer vi å legga til rette for bubilcamp ved vatnet, avslører Linda Andersen og dottera Hanne Catrine.

Attraktiv overnattingsstad

Frå før har familien Andersen to campinghytter ved vatnet.

– Desse har vi hatt fullt belegg på i mange år. Frå september til mai har dei vore leigd ut til firma, frå mai til august til turistar.

– Det er truleg grunnlag for ti sånne hytter, dei har vore veldig populære.

Plass til 8-10 bubilar

Bubilturistar har for lengst sett seg ut Røykenes som ein fin plass å stoppa.

– Men parkeringsplassen vår har ikkje vore meint for denne typen bruk, verkstaden over gata, kanoutleigen og våre eigne restaurantgjestar bruker plassen.

– Med ny bubilplass får vi plass til 8-10 bilar, og vi får det inn i ordna former, med meir idyll til gjestane endå nærmare vatnet.

Mangelvare på Vestlandet

Familien Andersen vil no søkja om å få en tømmestasjon på tomta dei kjøpte for nokre år sidan, der det no er bygd ny parkeringsplass.

Dei vil også legga fram straum til bubilplassen.

– Camping og bubil er i vekst og vi har ofte innom denne typen turistar på jakt etter ein plass å stå.

– Dette er mangelvare på Vestlandet så vi håper å få den nye bubilcampen klar til juni.

Heile året

Linda seier ho også vil ha glede av utvida plass utanom turistsesongen.

– Besøket ved restuaranten har auka mykje og treng meir parkering.

– I tillegg har gubbane over vegen bruk for meir plass, seier Linda, og siktar sin mannen sin verkstad og svogeren min sin bensinstasjon, som også driv med kanoutleige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.