Lokal | 07. mars 2017

Vil opna ny nattklubb i Os

Bjarte Andersen held fram med Catten, men har signert leigekontrakt til nok ein nattklubb.

Bjarte Andersen framfor baren, som no skal dekorerast som ein kul flaske-bar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. mars 2017 22:17

Bildeserie:

Lokalet blei ombygd for nokre år sidan, og skal no pussast vidare opp før Empire overtar.
– Eg var gledeleg overraska då eg fekk sjå lokalet, seier Bjarte.
Scenen skal få avtagbart rekkverk og sitjegrupper.
– Nokre av dei siste Bar2Be-drivarane gjorde ein god jobb med ombygging.
Også toaletta er nye.
Lokalet blei ombygd for nokre år sidan, og skal no pussast vidare opp før Empire overtar.
– Eg var gledeleg overraska då eg fekk sjå lokalet, seier Bjarte.
1 av 5
– Eg var gledeleg overraska då eg fekk sjå lokalet, seier Bjarte.
Scenen skal få avtagbart rekkverk og sitjegrupper.
– Nokre av dei siste Bar2Be-drivarane gjorde ein god jobb med ombygging.
Også toaletta er nye.
Lokalet blei ombygd for nokre år sidan, og skal no pussast vidare opp før Empire overtar.

Eigarane av Irish Cat AS, selskapet som driv Catten Night Club, har teikna leigekontrakt i 2. etasje i Telthuskvartalet, der Bar2Be tidlegare heldt til.

– Vi ønskjer å starta ein nattklubb med fast 18-årsgrense om laurdagen, seier Bjarte Andersen.

Nattklubben skal heita «Empire». Om skjenkesøknad blir godkjent i mars så blir det opningsfest påskeaftan.

– Namneforslaget kom frå ein av mine tilsette. Eg synest det godt kan vera litt grandiost, for det skal bli ein praktfull plass for dei yngre vaksne!

Gledeleg overraska over lokalet

Bjarte Andersen eig Irish Cat AS saman med kameraten Thomas Hodne (70/20 prosent), og ein tredjepart som har 10 prosent.

Empire skal drivast av selskapet Empire Os AS, som dei to eig 60/40 av.

– I den daglege drifta er Thomas ein passiv eigar, men han er nevenyttig og uvurderleg når vi har hatt ombygging og tekniske justeringar.

Sjølv var Andersen gledeleg overraska då han fekk sjå lokalet.

– Nokre av dei siste som dreiv utestad gjorde ein grundig jobb då dei bygde om og pussa opp. Her er gode sitjegrupper, scene, dansegolv, ny bar og totalrenoverte toalett.

– Vi skal gjera nokre justeringar, blant anna med sitjegrupper på scenen, mens DJ-båsen skal bli brukt mykje.

– Vi skal ha vekk tappetårn og laga ein kul flaskebar. Vi vil óg ramma inn dansegolvet med rekkverk, men alt blir fleksibelt, så vi kan ta scenen i bruk og vi kan utvida dansegolvet ved behov.

Bygget lokalet ligg i fekk nye eigarar i desember i fjor. Ein av eigarane, Thomas Olsen, seier han er nøgd med at det no blir liv i andreetasjen igjen.

– Vi har nyleg signert ny femårsavtale med restauranten AroyDee, og ser fram til Empire si opning.

Har god erfaring med ungdomen

Catten har i periodar satsa på ungdomen, sjølv om dei har hatt 20 års aldersgrense meir eller mindre fast om laurdagen.

Dei fire siste fredagane har nattklubben vore lånt ut til lukka lag, ulike bursdagsfestar, og russen har kvart år hatt fleire arrangement på nattklubben.

I jula var det fleire arrangement for både dei over og under 18.

• Les òg: Satsar på livleg, ung og «stille» jul

– Vi har veldig god erfaring med ungdomen i Os. Dei lager mykje liv, men klarer samtidig å oppføra seg veldig fint.

• Les òg: 155 ungdomar inntok Catten

Vil driva to plassar

Bjarte understreker at han vil driva Catten vidare.

– Motivet med å opna ein plass med fast 18-årsgrense er at eg synest 18-åringane i Os skal ha eit tilbod, og at eg trur det er marknad for ein god plass for dei frå 18 til litt over 20.

Om det kjem maksgrense på Empire eller høgare aldersgrense på Catten er førebels ikkje bestemt.

– Eg veit ikkje om vi vil setja nokre formelle skilje for at dei to plassane ikkje skal konkurrera med kvarandre.

– Eg trur uansett at det kan gå bra for begge på same tid. Då Bar2Be var på topp var det framleis livleg på andre utestadar i Os, sånn har eg høyrd at det òg var på 90-talet, då folk gjekk pub til pub-runde frå Giovanni til Vikjo og vidare til Madammen.

Huseigar har søkt om bruksendring og Bjarte sendte skjenkesøknad i går. Førebels har han søkt om øl og vin, for å gjera søknaden noko enklare å behandla, men sju dagar i veka, for å ha fleksibilitet i samband med for eksempel raude dagar. Han vil seinare òg søka om brennevin for å ha sjanse til tilpassing mellom dei to utestadane ved eventuelle seinare behov.

– Eg har fått veldig god service og hjelp av Os kommune, og håper eg har levert ein god nok søknad, og går alt på skjener så kan det bli ei ekstra kjekk påskaeftan i Os sentrum, òg for dei på 18 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.