Cato Larsen og Tarjei Skeie på første pubkveld i september. Siste fredag før jul opnar dei truleg dørene for alle. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil opna pub i Os Næringspark

Bjørnafjorden Bryggeri har hatt vellykka testkøyring i lokalet Os Biljard & Sportsbar tidlegare heldt til i. 

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bjørnafjorden Bryggeri, som blei etablert i Os Næringspark hausten 2017 og hadde fullt hus på lanseringsfest i februar, fekk i fjor sommar løyve til å driva bryggeriutsal.

No ønskjer dei å opna pub med både fast opningstid og tilbod om selskap.

– I haust har vi jobba med å utvida produksjonskapasiteten samtidig som vi har innreia ein liten pub i nabolokalet, der biljarden hadde sportsbar, fortel Cato Larsen.

No har dei søkt om skjenkeløyve til ein pubkveld fredag 20. desember. På nyåret vil dei søkja om permanent skjenkeløyve.

– Vi vil undersøkja om bjørnafjordingane ønskjer ein skikkeleg ølpub. 

Vellykka pubkveld i september

Midtsiden var blant gjestane då det lokale bryggeriet i september heldt sin til no einaste pubkveld.

Då var det eit venners venner-arrangement med påmelding, servering av ost og spekemat, presentasjon av ulike variantar og lansering av Osøyro Kolonial sitt eksklusive øl «Kølonial».

– Tilsvarande kveldar med ølsmaking saman med ost- og spekefat frå Osøyro Kolonial kjem vi nok til å ha fleire av, både på eige initiativ og om større venegjengar ber oss om det.

I september fekk vi blant anna smaka bringebærølet «Raspberry Rampage», det røykeprega ølet «Fumadore», ein lettslurpa IPA og den kraftfulle kombinasjonen mellom øl og mjød med namnet «Svartbjørn».

– Det vi siktar oss inn på no er ein open kveld der folk kan koma og gå som dei vil, og kjøpa dei variantane dei ønskjer. Om gjestane vil veta litt om bryggeprosessen og ingrediensane, står vi naturlegvis klare til å fortelja!

Osøyro Kolonial vil òg vera på plass med sal av enkelte varer som passar godt saman med brygget.

Kan bli fast pub

Mens pubkvelden den siste fredagen før julaftan er søkt inn som eit enkeltløyve, har bryggeriet plan om å søkja om permanent løyve i 2020.

– Om vi får løyve ser vi for oss å i utgangspunktet ha ope éin fast kveld i månaden, og å stenga tidleg, gjerne rundt midnatt. Det kan bli ein fin plass å starta kvelden, eller å ta ein pubkveld utan å vera på rek til langt på natt, fortel Larsen.

Os Biljard og Sportsbar hadde, før Hans Olav Sundøy i 2012 la ned, plass til over 100 gjestar.

– Vi bruker ikkje heile lokalet, men har sett opp nokre lette skiljeveggar. Sånn det ser ut no blir det intimt og fint med 30-40 gjestar, men vi kan med enkle grep utvida om det blir folksamt.

Etter testkvelden i september, som naturlegvis blei gjennomført med skjenkeløyve den òg, har ølbryggarane forlenga baren og møblert meir.

Vil dobla kapasiteten

Parallelt med pubambisjonane jobbar Bjørnafjorden Bryggeri i desse dagar med å utvida bryggekapasiteten.

– No aukar vi frå 200 til 400 liter per sesjon og kjem opp i 800 til 1000 liter i månaden.

– Til no har vi selt alt ølet vi har brygga. Ved sidan av eige utsal og lokale forhandlarar sel vi via ølbutikk-kjeda Gulating i Åsane, Loddefjord, Stavanger og Sandnes - og på enkelte pubar i Oslo.

Puben kan bli nok ein fot å stå på for den lokale verksemda.

– Vi gjer alt sjølv, vi har ikkje nokre tyngre investorar i ryggen. Men med hyggelege huseigarar og ein god heiagjeng så har vi klart oss bra.

Fleire saker