Kultur | 08. mai 2009

Vil overraska

Lars Lillo-Stenberg lovar å laga sommarstemning uansett vêr under utandørskonserten laurdag.

Vil overraska
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. mai 2009 13:08

- Vi har starta litt roleg, men kjem nok til å spela rundt 60 konsertar i år, seier deLillos` frontfigur Lars Lillo-Stenberg til midtsiden.no.

Laurdag 8. mai spelar han konsert på Os, ein av få konsertar å Vestlandet under turneen med det nye albumet "Huskeglemme", som kom ut i vinter. Førre helg var dei i Bergen, i kveld skal dei til Balestrand og så blir det nokre veker fri.

Typisk sommar?
DeLillos er kjent for låtar som "Tøff i pyjamas", "S'il vous plait", "Beibi/Ha det bra", "Neste sommer" og "Flink", som er frå det nyaste albumet.

- Er de eit typisk sommarband?

- Eigentleg ikkje. Berre 5-6 av våre rundt 180 låtar handlar om sommar. Men all musikk som du høyrer på om sommaren er jo sommarlåtar.

- Vi har melodiøse låtar med norske tekstar, noko som kanskje mange synes er stemningsfullt om sommaren, svarar Lars.

Madam Ane og Just Olsen
Lillo-Stenberg har budd i Bergen då han var yngre, og meiner å hugsa at han har spelt på Os før.

- Det var eit diskotek der tidlegare, eg meiner vi hadde ein jobb der ein gong, seier han, og siktar truleg til Madam Ane, eller Madammen som nattklubben heitte dei siste åra før den la ned.

- Og så hugsar eg han gode fotballspelaren som var med då Os spelte i øverste divisjon midt på 70-talet, Just Olsen, var det det han heitte?

Sjølv spelte han fotball som tjuagut, men då han og familien flytta til Oslo blei det gitar på guterommet i staden.

I dag spelar han litt med venar av og til, men er ikkje nok interessert i fotball til å kalla seg ein supportar.

- I den grad eg er supportar så er det nok Brann eg held med, seier Lars.

Vil overraska
Laurdag får du høyra låtar frå dei fleste deLillos-åra, men det er ikkje sikkert at akkurat din favoritt står på setlista.

- Det er ein del låtar som folk ventar å få høyra, og vi tar sjølvsagt ein del av dei med. Men ting kan bli endra på fem minutt før vi går på scenen, og vi likar å overraska litt. Vi kjem også med låtar som vi meiner passar godt til staden, kvelden og publikum, seier Lars Lillo-Stenberg.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.