Lokal | 13. mai 2015

Vil prioritera ishall på Søfteland

Os Frp lanserer ideen om å ishall på Søfteland. – Vi vil prioritera dette i perioden 2015-19, seier Terje Søviknes.

Vil prioritera ishall på Søfteland
Eirik Andre Hesthamar og Terje Søviknes har diskutert ishallprosjektet med landslagstrenar Roy Johansen (privat foto)
Andris Hamreonsdag 13. mai 2015 08:24

Onsdag lanserte Os Frp kva idrettsanlegg dei vil byggja i komande kommuneval-periode.

– Os kommune har etterkvart ei rekkje flotte idrettsanlegg, men vi manglar ein ishall i kommunen.

– Dette vil Os Frp prioritera i perioden 2015-19, seier ordførarkandidat Terje Søviknes.

Vil tiltrekkja brukarar

Os har eit aktivt ishockeymiljø allereie, kor brorparten av spelarane er heimehøyrande på Søfteland. Søfteland har spelarar i bergenshockeyen på U7, U8, U10, U12-jentelaget, U13/14 og U16.

Det er difor naturleg å sjå på tomta som er avsett til idrettsformål, ved svingen mellom Søfteland skule og Bergstø.

– Ishockey, curling, kunstløp og friløp for folk flest skaper stor aktivitet i tilsvarande ishallar andre stadar i landet.

– Her i bergensregionen er tilbodet knapt eksisterande. Vi trur ein ishall, t.d. på tomten avsett til idrettsanlegg v/Søfteland skule, vil tiltrekkja seg brukarar frå heile regionen.

– Tidlegare har vi lykkast med denne strategien i Osbadet og Oseana, - no er det tid for ishall i Os, seier Søviknes.

Finnst berre to i bergensområdet

Det er i dag 45 isflater i Noreg, kor berre to er i bergensområdet - Bergenshallen på Slettebakken og Iskanten i Loddefjord.

I samband med det Trond Mohn støtta anlegget som er under planlegging på Myrdal i Åsane, vil det i tillegg koma ein ishall der, men i sør i bergensregionen har det ikkje vore planar om ishall før dette.

– Det er gode tilskotsordningar for ishallar gjennom ordninga med tippemidlar, og det ligg godt til rette for private sponsorar i eit slikt prosjekt.

– Estimert kostnad for ein moderne ishall er ca kr 30 mill kr eksklusiv mva. Kommunen får momskompenssasjon for idrettsanlegg.

– I tillegg kjem opparbeiding av tomt. Vel 15 mill kr av totalkostnaden kan vi henta inn att gjennom gode tilskotssatsar frå spelemidlane, avsluttar Søviknes.

Hordaland Ishockeykrets har som mål å få hall i alle Bergens bydelar, og på Os, Voss, Stord, Askøy og Sotra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.