Næringsliv | 29. juni 2012

Vil reparera bilglas i Os

Bilglass Bergen AS etablerer seg med avdeling i Os.

Vil reparera bilglas i Os
Bilglass Bergen etablerer seg i AMFI Os, ved sidan av Flåten Jernvare i Europris-bygget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. juni 2012 12:12

Are Salomonsen og Bjarte Skarstrup starta med reparasjon av bilglas i 1995, men selte verkstaden i Sandviken til ein konkurrent i 2008 og etablerte Bilglass Bergen AS på Janaflaten i Godvik.

No utvider dei med avdeling i Os.

– Det er fleire grunnar til at vi vil til Os. Eg er sjølv vaksen opp ved sjøen og vil flytta til Os, i tillegg ser vi på Os som ein god stad å driva næringsverksemd, seier Salomonsen.

– Os er ein god marknad i dag og vil nok med ny veg til Fana bli ein endå betre plass å driva forretning i åra som kjem.

Godt lokale

Bilglass Bergen har overtatt lokalet ved sidan av Flåten Jernvare i Europris-bygget.

– Vi får om ikkje så lenge eige lokale til montering av ruter på storbil og buss.

– Opningsdato var planlagt 2. juli, men leverandør av port kjem seinare enn venta så vi er ikkje heilt sikre på kor tid vi opnar, seier Salomonsen.

Søker folk

Bilglass Bergen aukar snart frå to til tre tilsette på Janaflaten.

No søkjer dei etter folk på Os, der dei vil vera to tilsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.