Lokal | 04. juni 2013

Vil restaurera "Sniglo"

Bygdas første kommunale brannbil er henta fram frå gløymsla. – Målet er å samle inn nok pengar til at vi kan få den i stand og nytta den i forbyggande arbeid, fortel brannsjefen.

Vil restaurera "Sniglo"
Arne Monsen i døra på den gamle brannbilen, som berre har gått 4924 km på vegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. juni 2013 11:17

Den gamle brannbilen, ein 1951-modell Diamond 10, blei for nokre år sidan råka av brann då den sto parkert i vognhallen på Os. Etter brannen blei den flytta til ein garasje ved Lundefossen før den tysdag blei henta fram att frå gløymsla.

– No er den på veg heimatt.

– I løpet av dei nærmaste dagane skal vi få den taua ned til gamle brannstasjonen slik at den står tørt og trygt medan vi freister å finna midler til å få den restaurert, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Treng éin million

For å få satt Os sin første brannbil, på folkemunne kjend som "sniglo", reknar Gjøsund med at dei treng omlag ein million kroner.

– Vi må sjå på korleis vi skal organisera oss, om vi lagar ei brannhistorisk stifting eller om det er andre måtar vi kan gjera det på slik at vi kan søka på midler frå allmennyttige formål og andre plassar.

– Bergen brannhistoriske forening har allereie varsla at dei vil ta ein tur for å sjå nærare på bilen.

– Om det er nokon som har lyst å bidra med midler er det berre å melda seg, frir brannsjefen.

– Håpet er at vi skal klara å setja bilen i stand og at vi kan nytta den i forebyggande verksemd, både blant eldre osingar - som hugsar bilen, og hos den yngre garde.

– Kanskje kan den bli eit innslag i 17. mai-toget også.

– Kjenner du bilen?

Den, eigentleg ganske smekre, brannbilen kom til osbygda i 1951 då Kristoffer Fagerheim var brannmester.

– Eg hugsar eg var med på ei utrykning til ein grasbrann på Drange med den i 1974, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

– Det må ha vore stor stas då bilen kom til bygda. Den var velutrusta og stor, men med ein litt liten motor.

– Om det er nokon som har historiar om bilen eller kjenner detaljar om den er vi veldig interessert i å få høyre dei.

– Eg har jo hørt vandrehistoriar om at det gjekk fortare å sykla enn å køyra bilen opp Mobergsbakkane, men om det er andre historier så er det berre å kontakta Arne eller meg, supplerar Stein Gjøsund.

I relativt god stand

Sjølv etter fleire år på lager framstår bilen i relativt god stand. Den er sjølvsagt litt prega av sot og tidas tann, men i det store og heile ser den bra ut.

– No har vi fått vaska litt av den og smørt opp den litt.

– Det er overraskande lite rust på den, så den verkar å vera i god stand, fortel dei to medan dei slit med å få eine framhjulet til å gå rundt.

Men ved hjelp av eit spett, ein hammar og ein truck som jekk klarar dei å få også det fastlåste hjulet til å gå rundt.

– No er det berre å få henta staget til å taue den med, så skal vi få den heim, smiler brannsjef Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.