Dette 300 kvadratmeter store bygget i Telthuskvartalet i Os sentrum er no for sal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dette 300 kvadratmeter store bygget i Telthuskvartalet i Os sentrum er no for sal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil selja bygget i Telthuskvartalet

– Eg trur det var den dyraste tomta i Os då eg kjøpte den, seier Tore Lehrmann, som no vil selja det 30 år gamle bygget i Os sentrum.

Kjetil Vasby Bruarøy
15. desember 2016 - 15:57

Tore Lehrmann, som eigde Lehrmann's Radio og TV før Leif Idar Røen overtok og dreiv i 22 år, eig framleis bygget som butikken var i.

Bygningen, som sidan 2012 har husa thairestauranten Aroydee, skal no seljast.

– Eg har nok å passa på, seier Lehrmann om årsaka til at han no vil lata andre overta det rundt 30 år gamle bygget i Telthuskvartalet.

– Aroydee blir verande, mens det framleis er ledig i 2. etasje, der Bar2be var, fortel Lehrmann.

– Den dyraste tomta i Os

Lehrmann hadde ein godt etablert butikk på Os då han på 80-talet trengte meir plass.

– Eg kjøpte det som den gong var Os' dyraste tomt, og lurer på om rekorden framleis står, seier han.

Tomta er med andre ord sjølveigande, og ikkje festa hos Opplysningsvesenets fond, slik andre gardeigarar i sentrum har hatt utfordringar og innløysingsutgifter med dei siste åra.

– Tomta er på 150 kvadratmeter og kosta 520.000 kroner midt på 80-talet.

Bygningen, med tomt, som no er for sal, er på totalt cirka 300 kvadratmeter over to plan.

 

Les meir om

Næringsliv Eigedom