Næringsliv | 18. nov. 2010

Vil selja pollen

Er du glad i østers? Du treng ikkje mykje pengar for å sikra deg eit heilt anlegg.

Vil selja pollen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. nov. 2010 06:39

For 1,5 millionar kroner kan du få både 1,2 ml strandeigedom, retten til å bruka yttarlegare 100 mål og konsesjon på oppdrett av europeisk flatøsters. Pollen på Innerøya i Os er lagt ut for sal.

I vår skreiv vi om pollen og eigarane som i 2004 overtok området og konsesjonen. Les saka og sjå bildeserie.

Selskapet Inderøens Østersanlegg AS kjøpte anlegget for seks år sidan og fekk konsesjon for vidare drift.

- Vi hadde ikkje planar om berre å driva med oppdrett på Innerøya, men ein kombinasjon av oppdrett og turisme, marknadsføring av Noreg og norsk sjømat i utlandet, sa styreleiar Hogne Bleie til midsiden.no i mai.

Utan inntekt
Inderøens Østersanlegg AS har seinare vore passive. Selskapet står med null i inntekt alle år frå 2005 og fram til i dag, og rundt 50.000 kroner i årlege utgifter.

- Fleire av personane eg hadde med meg, medeigarar og samarbeidspartnarar, har flytta eller skifta bransje. No strekk dessverre ikkje tida til, men entusiasmen er der enno, sa styreleiaren i vår.

Han sa samstundes at han såg etter nye partnarar. Vi har ikkje klart å få tak i Bleie for kommentar til at eigedomen no er lagt ut for sal.

Eksklusiv vare
Ifølgje annonsen på Finn.no har det vore drive østersoppdrett i pollen i over 100 år.Då Inderøens Østersanlegg kjøpte anlegget fekk dei konsesjon for vidare drift. Denne konsesjonen følgjer med eigedomen.

Østersen som blir dyrka der, europeisk flatøsters, er meir sjeldan og blir selt til høgare pris enn den meir vanlege, men framande arten stillehavsøstersen.

Med eigedomen følgjer tre bygningar i dårleg stand. Eigedomen er ikkje knytt til verken offentleg straumnett, vatn eller avlaup.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.