Kultur | 29. okt. 2022

Vil setta fokus på ADHD gjennom musikken

Set fokus på ADHD i nytt popalbum for barn: – For meg er det som å ha 1000 skjermer i hodet som kjemper om oppmerksomheten samtidig.

Vil setta fokus på ADHD gjennom musikken
DUO: Musikarane Elin Hestenes (t.v) og Kristine Bjånes har komme med nytt album. (Foto: Hallaisiken/Strö Promo)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveilørdag 29. okt. 2022 16:13

Musikarane Kristine Bjånes frå Os og Elin Hestenes frå Bømlo er duoen bak Hallaisiken.

Dei er kjend for den svært populære låten «Vi e’ Bergen», som dei laga til Bergen sitt 950-årsjubileum i 2019.

Hallaisiken har no komme med popalbumet «1000 skjermer».

Songane er på norsk og er laga for barn mellom 10-14 år.

Kristine Bjånes og Elin Hestenes, jobbar til dagleg med barn og unge, og brukar musikk og song som verkemiddel.

Debutalbumet «1000 skjermer» innehalder 8 poplåtar og er spesiallaga til aldersgruppa dei jobbar med.

– Denne aldersgruppa er på veg til å bli ungdommar og lyttar ikkje til barnemusikk lenger. Då beveger dei seg heller inn i musikk for vaksne, med alle temaer det inneber, som ikkje alltid er så relevante eller eigna for unge menneske, seier Bjånes i pressemeldinga.

– I arbeidet vårt med barn og unge har vi ofte kjend på behovet for å bruke musikk som er laga spesielt for dem. Derfor ønsket vi å laga musikk som handlar om noko dei kan kjenna seg igjen i, seier Hestenes.

Albumet er produsert av osingen Thomas «Tomtom» Haugland.

Ønsker å setta fokus på ADHD

I ein av låtane sette duoen fokus på ADHD, og korleis diagnosen kan opplevast. Elin Hestenes fekk sjølv diagnosen for nokre få år sidan.

I pressemeldinga fortel Hestenes korleis ho opplever diagnosen.

– For meg er det som å ha 1000 skjermar i hovudet som kjemper om merksemd samstundes. Det blei derfor ekstra viktig å skrive ein song om korleis det er å ha ein hjerne som aldri står stille, og kor alt skjer - samstundes.

Etter kvart som albumet blei ferdigstilt, avgjorde duoen seg for at tittelen på albumet også skulle vere «1000 skjermer».

Dette for å setta endå meir fokus på ADHD.

– Det er veldig mange menneske med ADHD, men det er endå fleire som ikkje veit kva det er for noko, og akkurat det ønsker vi å gjere noko med, seier osingen.

Hestenes fortel vidare i pressemeldinga at ho visste lite om ADHD før hun sjølv fekk diagnosen.

Ho brukte mykje tid på å føle seg dum og å skamma seg over ting ho ikkje klarte, og som «burde» vere lett å få til.

– Jeg synest det er fint å fortelja korleis det kan opplevast å ha ADHD, og håpar at nokon kjenner seg igjen. Det er fantastisk om nokon høyrer songen og tenker: «Jammen, det er jo sånn jeg har det!». Det er godt og viktig å vite at du ikkje er åleine, forklarar Bjånes i pressemeldinga.

Enorm respons

Mange bergensere kjenner allereie godt til Hallaisiken frå songen «Vi e’ Bergen».

Låten laga duoen som ein hyllest til Bergen, i samanheng med byen sitt 950-årsjubileum i 2020. Songen har også ein musikkvideo.

«Vi e’ Bergen» har no bikka 315 000 avspelingar på Spotify. Og blir brukt i barnehagar og på barneskuler, der barna både syng songen og lærer seg den populære dansekoreografien frå musikkvideoen på YouTube.

– Vi har kjempelyst å halde konsertar, og synest det hadde vore utruleg gøy å få lov til å reise rundt på skuler med det nye albumet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.