– Vil skapa noko fint
Kyrkjelyden med skapardagar i juni. – Ikkje alle spelar handball eller fotball, difor vil vi gje eit tilbod rett etter skuleslutt.
![– Vil skapa noko fint](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/bb7cc1d39b3ab0da9a07f532f99afffafd641fd9-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Før jul fortalde kyrkjelyden at dei har laga eit omfattande trusopplæringsprogram kor dei vil følgje born med forskjellige aktivitetar frå år til år.
– Vi har fleire ting på gong, men den største aktiviteten i vår blir nok skapingsdagane 24.-26. juni.
– Då inviterer vi sju og åtte åringane til å vera med å skapa kunst, fortel Hege Varhaug-Lekven, trosopplæringsmedarbeidar i Os kyrkjelyd.
Tek heile kyrkjelydshuset i bruk
På programmet står måling, trearbeid, keramikk, foto og hobbyverkstad med ymse aktivieter. Alt under kyndig veileiing.
– Vi tek heile kyrkjelydshuset i bruk og er utruleg glade for at vi har fått med oss kapasiteter som Vidar Bratlund-Mæland, Hallgeir Bjørnevik og Knut-Inge Johnsen på kvar sine områder.
– Inspirert av skapingshistoria i det gamle testamentet skal ungane få utfalda seg som kunstnarar.
– Det heile kjem til å bli avslutta med ei utstilling siste helga før skulen startar i august kor vi tek i bruk både kyrkjelydshuset og kyrkja, forklarar Varhaug-Lekven.
– Inspirerande
Vidar Bratlund-Mæland og Hallgeir Bjørnevik er samstemde i kvifor dei stiller opp.
– Ikkje alle speler fotball eller handball. Difor er det viktig å ha eit anna tilbod òg.
– Dessuten er det knapt noko som er så inspirerande som å jobba med unger.
– Du veit, eg jobbar stort sett aleine i verkstaden, så det å koma ei eit felleskap som dette og få "lufta vetet" er berre kjekt.
– I tillegg får eg med meg ein bonus i form av masse nye idear frå ungane, seier Bratlund-Mæland.
Ope for alle
Dei som er døpt vil få invitasjon direkte i posten, men arrangørane presiserar at tilbodet er ope for alle, også dei som ikkje er medlemmar i kyrkja.
– Det blir ein liten deltakingsavgift, men vi vil sørja for at den ikkje skal ekskludera nokon.
– Går det som vi håpar som blir det 80 ungar og mange vaksne som er med desse dagane.
– Vi skal ha ei høg vaksentettheit og sjølvsagt òg legga opp til at ungane skal få utfolda seg fysisk ute på kyrkjeflaten, seier Varhaug-Lekven.
Førsteklasses samling
I tillegg til skapingsdagane har kyrkja fleire aktivitetar på programmet.
– Allereie no før vinterferien startar vi opp samlingar for førsteklassingane.
– Dei vil gå over fem onsdagar kor vi jobbar med historiane i 6-årsboka som ungane fekk utdelt i kyrkja tidlegare i år.
– Det blir òg hobbyaktivetar og kveldsmat på samlingane, avsluttar Varhaug-Lekven.