Kultur | 02. nov. 2010

Vil skape oppleving

Digital7 er opptekne av å skape ei ny oppleving for publikum når dei opptrer i Solbakkestova i kveld.

Vil skape oppleving
Andris Hamretirsdag 02. nov. 2010 08:14

Digital7 er eit prosjekt med Ragnhild Tronsmo Haugland og Odin Nordhagen kor ord og toner møtast på ein ny måte.

- Den som har gjort noko liknande er nok Jan Erik Wold, men han gjorde det med jazz, fortel Odin Nordhagen til midtsiden.no

- Vi arbeider meir med planlagte improvisasjonar. Det vil sei at vi har planlagt kva vi skal gjere, men føler på stemninga blant publikum og tek det derfra, forklarar Nordhagen.

Fartstid frå Os
Både Ragnhild Tronsmo Haugland og Odin Nordhagen har fartstid frå Os.

- Vi har begge bodd på Os. Eg bodde der då eg studerte i Bergen, fortel Nordhagen.

Dei to gler seg til å kome tilbake til bygda og ta del i eit veksande kulturliv.

- Med bygginga av Oseana skjer det mykje spanande på Os. Den oppbygginga av aktivitetar som no skjer gler vi oss til å være med på, avsluttar Odin Nordhagen.

Ragnhild Tronsmo Haugland
Ragnhild er nær sagt fødd inn i musikken og starta i ung alder å spele cello. Sjølv om ho er klassisk skolert har ho alltid hatt ein dragning mot grensane. Då ho gjekk musikklina på Foss vidaregåande skule starta ho å spele i tangometal-bandet Lamia. Dei seinaste åra har ho studert drama ved Ringeriket folkehøgskule. Ho studerer no musikkdesign ved NKS.

Odin Nordhagen
Odin har nylig fullført den toårige forfatterutdanninga Litterär gestaltning ved universitetet i Gøteborg. I tenåra tok han komposisjonstimer hos Glenn Erik Haugland og interessen for nye uttrykk oppsto. I 2009 hadde operaen Snap-Shots premiere kor Odin var librettist.

SJÅ MEIR OM KONSERTEN I ARRANGEMENTSKALENDEREN

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.