Kultur | 26. apr. 2009

Vil snart stå opp

Det er seks år sidan ”Idol eller dust” i Vikjo. No vil Magnar ”Maggen” Lien på scenen igjen.

Vil snart stå opp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. apr. 2009 04:38

Bildeserie:

1 av 1

- Eg har vore på desse standupane på Opus, og eg kjente at det byrja å kribla litt, seier Maggen.

Dei siste åra har berre dumma seg i private samanhengar, og av og til for bedrifter. Ikkje sidan onemanshowet ”Idol eller dust” i 2003, i tida då Reinhardt Østrem dreiv Vikjo, har det gått an for kven som helst å betala for å sjå Magnar Lien i aksjon.

- Har det hopa seg opp med idear desse åra?

- Nei, dette er heilt nytt materiale. Eg har skrive nokre veker, og eg ligg faktisk godt an. Ganske uvant til å vera meg, seier Maggen og osar av sjølvinnsikt.

- Standup er forksjellig frå revy i det at du ikkje treng aktuelle tema. Det kjem ikkje noko smart i showet mitt, for dei som trur det. Men så har eg aldri sett på meg sjølv som noko intellektuelt fyrtårn heller, legg han til og ler.

”Stolt, gamal gris” skal showet heita. Men kva skal det handla om?

- Stort sett meg sjølv og kva eg har opplevd. Og så lyg eg jo mykje, sjølvsagt.

- Går det ut over nokon?

- Ja. Mest kona! Men også publikum – dei kan jo ikkje forventa å berre sitja der og lata seg underhalda. Så eg kjem til å bruka nokon frå salen òg, åtvarar Lien.

5. og 6. juni (retta dato) skal du altså ikkje føla deg for trygg på Opus.

- Juni er ikkje lenge til. Har du litt sug i magen?

- Ja litt. Det kan jo henda at folk har litt forventingar, noko eg i så fall stiller meg heilt uforståande til, seier Maggen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.