Brørne Andreas og Endre (t.h.) Vik Larsen vil starta bogeskyttar-klubb i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil starta klubb i Os

I mai flytta han til Os, førre helg blei han nordisk meister. No vil Endre Vik Larsen og broren Andreas starta klubb for bogeskyttarar i si nye heimbygd.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor blei han noregsmeister i kadett og sette ny norsk rekord med 388 poeng på 72 piler. 

Førre helg var Endre Vik Larsen i Finland og blei nordisk meister i juniorklassen.

– Eg var klar for noko anna enn fotball og prøvde bogeskytting på ferie hos ein slektning på Austlandet. Det gav meirsmak med éin gong, seier 18-åringen Endre.

Flytta til Lekven

Heime på Midttun kontakta han Bergen Bueskyttere og meldte seg i 2008 inn i klubben. Året etter blei hans fem år yngre bror Andreas med.

– Ein del av oss i klubben i eller rundt Os, fortel meisteren, som flytta med foreldre og bror til nybygd hus på Lekven i mai.

– Eg har snakka med idrettsrådet og vil prøva å finna eigna område og invitera interesserte til prøving og eventuelt medlemsskap i det som vi håper kan bli bogeskyttarklubb i Os.

– Det hender at folk stoppar opp 

Endre og Andreas byrja som dei fleste andre med recurv-bogar, slike du ser i OL.

– Men så gjekk vi over tiltradisjonell boge, til langboge, så no er vi litt Robin Hood, seier Endre før han og broren dreg opp kvar si pil og peprar mot midten av blinken heime i hagen.

– Det hender folk stoppar opp i vegen ovanfor huset og ser litt på. Eg trur mange synest det er spennande med bogeskyting, seier Andreas.

Fire ulike bogar

Endre forklarar at det er fire ulike typar bogar som aktive utøvarar bruker.

– Det er langboge, recurc (med sikte og stabilisator), barebow (recurv utan sikte og stabilisator) og coumpound (med trinse/kraftutveksler), som blir brukt til jakt, men også til konkurranse innan feltskyting, forklarar han.

– Du treng ikkje så mykje utstyr for å starta. Du kan få bogar langt opp i pris, men kan få ein fin langboge til 1000 til 2000 kroner, seier meisteren frå Lekven, som no vil bruka sommaren på å bli kjent med Os og sjansane for å starta opp klubb.

 

Fleire saker