Lokal | 31. jan. 2014

Vil ta imot fleire flyktningar

Os kommune vil ta imot fleire flyktningar forutsatt at dei ikkje treng auka bemanninga.

Vil ta imot fleire flyktningar
Jostein Bondevik (Krf) fremja ein interpellasjon om å ta imot fleire flykningar i Os (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. jan. 2014 08:01

I kommunestyret tysdag fremja Jostein Bondevik (KrF) ein interpellasjon (formelt spørsmål, journ.mrk) til ordførar Terje Søviknes (Frp) kor han ba ordføraren vurdera å i møtekomma IMDI akutte utfordring i høve busetting av flytningar i 2014 og at kommunen gjorde ei ny vurdering av den avgrensinga på 10 flyktningar per år som kommunen tidlegare har fatta.

Ordføraren viste til brev frå Barne- og likestillingsminister Solveig Horne, Kommunal- og regionalminister Jan-Tore Sanner og styreleder i KS Gunn Marit Helgesen kor dei oppmodar til ein nasjonal dugnad for å busetja flest mogleg av dei 5000 fylkningane som har fått innvilga varig opphald, men framleis sit på mottak.

Kan ta i mot småbarnsfamilie

– Eg er samd i at alle kommunar har eit ansvar for å ta del i ein nasjonal dugnad for å busetja dei som har fått varig opphald, men det må skje ut i frå kva den einskilde kommune har av føresetnader for å lukkast med mottak og integrering.

- Frå mi side vil eg difor rå til at vi, dersom ein basert på dagens grunnbemanning innan flyktningtenesta kan handtera eit ekstra inntak av, til dømes ein småbarnsfamilie, tidleg i 2014, stiller oss positive som ein del av ein akutt dugnad.

- At små barn som har fått varig opphald vert sitjande i mottak er ikkje verdig, og desse bør difor prioriterast, argumenterte Søviknes, som samstundes var skeptisk til å auka grunnbemanninga i flyktningetenesta.

Når det gjaldt Bondevik sitt ønskje om ei ny vurdering av den avgrensinga kommunestyret bestemte i 2012 foreslo ordføraren at det skulle fremjast ei ny sak for kommunestyret, gjeldande for perioda 2015-17, i løpet av 2014.

Eit samrøysta kommunestyre gjekk inn for den løysinga ordføraren foreslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.