Lokal | 06. mars 2013

Vil ta risikoen

Kommunen tar den økonomiske risikoen med hotelltomta ved Oseana. Eit usikkert kommunestyre enda til slutt med gå for kjøp av tomta for drygt 25 millionar frå Os Sjøfront.

Vil ta risikoen
Kommunen beslutta tysdag å kjøpa hotelltomta ved Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. mars 2013 09:17

Kommunen har gått fleire rundar med hotellinvestorar og hotelldrivarar for å få desse til å kjøpe tomta bak dei fire blokkene til Os Sjøfront, men tidsfristen sjøfronten sette for ei avgjerd gjorde at kommunen valde å legga dialogane med investorar og drivarar på is, og i staden forhandla framei kjøpsavtale direkte med Os sjøfront.

For 25,3 millionar kjøper kommunen tomta. I tillegg betaler dei 2.040.000 for å overta Os Sjøfront AS sine aksjar i Os Parkering AS.

- Det er ein økonomisk risiko å ta. Førebels er det ingen av hotellutbyggarane som har våga å gå på det.

- Vi må strekka det mykje med å auka talet leilegheiter om vi ikkje får til eit hotell, påpeika Jostein Neverdal (KrF).

- Ingen vil ligga med oss

Kommunestyrerepresentantane var samde i at hotellprosjektet truleg vil få ein positiv verknad på drifta av Oseana og for Os sentrum.

- Eg og mange med meg meiner at det er opplagt interresant med hoteller i sentrum.

- Ole Paus besøkte nettopp Oseana. Eg veit ikkje om han song "Hvorfor ligger ingen med meg?", men det får meg til å undra over kvifor vi ikkje får nokon av dei som har greie på det til å hoppa til køys med oss.

- Eg føler eg er i ferd med å gå ut i spagaten. Det er ikkje veldig enkelt. Eg må nok til slutt stemma på intuisjon, sa Lars Atle Skorpen (Ap).

E-39 er nøkkelen

Ordførar Terje Søviknes (Frp) meinte det framleis er interesse for å etablera hotell på tomta frå aktørane, men at nøkkelen til ei realisering ligg i E-39 mellom Svegatjørn og Rådalen.

- Dei er framleis interessert i prosjektet. Spesielt drivarane i Bergen Hotel Group har poengtert at E-39 er nøkkelen til hotellprosjektet.

- Dei har tru på fritids- og konferansemarknaden, men er meir usikre på business-segmentet.

- Der er det ny veg og utviklinga av Lyseparken som er nøkkelen, i dag er det nok ikkje eit stort og tungt nok næringsliv i Os til å dekkja det behovet eit hotell vil ha for forretningsgjestar, analyserte Søviknes.

- Eg trur tida jobbar for oss.

- Får vi fastlagt ein tidsplan for E-39, så trur eg ein kan få realisert hotell og gje naudsynt tryggleik for ein hotelleigar og -drivar.

Kan tapa penger

Jon Sivert Rykkel (V) var ein av dei mange som var usikker på om han skulle stemma for eller mot kjøp av tomta.

- Eg har sjeldan måtta gå så mange runder meg med sjølv som i denne saka.

- Det er veldig mykje pengar, og då tenkjer eg på driftkostnadane med å betjena eit lån av denne storleiken. Dei pengane kunne vi nytta til stillingar både i skule, helse- og omsorg og andre ting.

- Det er desse prioriteringane vi politikarane må gjera, i tillegg til å vurdera om vi er villige til å ta risikoen på å eventuelt tapa pengar.

Rådmann Knut Terje Rekve delte òg uroa over den manglande tryggleiken politikarane hadde.

- Oppsummert deler eg det mange har sagt.

- Det er ikkje eit opplagt fasitsvar. Det er usikkert og vi kan risikera å tapa penger.

- Eg detter ned på at sjansen er her og no, og har konkludert i saksutgreiinga at den risikoen kan kommunen ta, sa rådmannen.

Fleirtalet på 22 røyster, beståande av H/Frp og 3 frå Ap, gjekk for å gå for kjøpet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.