Kultur | 05. sep. 2018

Vil testa klubbkonseptet på Mobergsneset

Jon Hægland tar med seg Grim Moberg, Pål Rønelv, Eirik Krokås til foajeen i Oseana.

Vil testa klubbkonseptet på Mobergsneset
Jon Hægland har organisert klubbkveldar i Os sidan 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. sep. 2018 13:22

Bildeserie:

Moberg, Rønelv og Krokås kjem til Oseana fredag. (Pressefoto)
Moberg, Rønelv og Krokås kjem til Oseana fredag. (Pressefoto)
Med denne logoen er det ambisjonar om at folk skal le seg ihjel.
Med denne logoen er det ambisjonar om at folk skal le seg ihjel.
1 av 2
Moberg, Rønelv og Krokås kjem til Oseana fredag. (Pressefoto)
Med denne logoen er det ambisjonar om at folk skal le seg ihjel.

Komiker Jon Hægland frå Os har med den lokale standupklubben Råkt Opp & Ned tatt kjente og etablerte komikarar, og nokre av dei nye på veg opp, til Os for å halda show på klubbkveld.

Første klubbkveld, i 2012, skapte kø på Catten - sidan har det halde fram med både standup og comedy fight klubb.

– Vi har hatt det veldig fint på Catten, men sånn det har utvikla seg no passar det utmerkt at Oseana kom på banen. Det blir spennande å sjå kva for stemning vi klarer å laga i dei omgjevnadane, seier Hægland.

Han fortel vidare at dei vil halda fram der dei var med klubbkveldane på Catten, der standupkvelden alltid baserer seg på komikarar frå miljøet i Stand up Bergen.

På fredag skal Grim Moberg, Pål Rønelv og Eirik Krokås på scenen. Minst to av desse har stått på scenen i Os før.

Sjå video av då Grim Moberg deltok i fight club i fjor

Nysatsing for kulturhuset

Oseana har hatt suksess med fleire store humorshow, blant anna med Dagfinn Lyngbø. Samtidig har dei ønskt seg noko i mindre skala.

– Vi har vore på jakt etter ein lettare klubbscene, noko anna enn det vi har i storsalen. Med klubbkonsept og foajeen som scene og bar, blir det lausare snipp, meir som «ein kveld på by'n»,seier Veronica S. Halhjem frå Oseana.

– Det er sett opp to klubbkveldar i haust. Om det blir vellykka så er nok dette noko vi vil halda fram med, seier Jon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.