Lokal | 11. feb. 2013

Vil utbetra Lepsøykrysset

Statens vegvesen vil gjera Lepsøykrysset tryggare med passeringsfelt for bilane som kjem frå Halhjem.

Vil utbetra Lepsøykrysset
Lepsøykrysset kan bli utbetra i 2014 om planarbeidet går som tenkt (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 11. feb. 2013 14:09

Statens vegvesen Region Vest og Os kommune hadde førre veke eit oppstartsmøte med tanke på å starta ein reguleringsprosess for området rundt Lepsøykrysset.

- Hovudgrepa er å utbetra krysset ved å legga ei øy i hovudvegen (E39) slik at bilar som kjem sørfrå kan passera fritt dei som står og ventar på å svinge til venstre inn Lepsøyvegen, fortel Jonas Dalland i Statens vegvesen Region Vest (Sjå prinsippskisse til høgre).

- I tillegg vil vi ta med dei første 200 meterane av Lepsøyvegen inn mot Solbakken i planane med tanke på å etablera fortau på strekninga.

Førebudd for lysregulering

Når vegvesenet likevel skal gjera arbeid i krysset vil dei samstundes førebu krysset for ei eventuell lysregulering i framtida.

- Det er ikkje noko vi har konkludert med at vi vil byggje no, men vi vil planleggje krysset slik at det relativt enkelt kan etablerast lysregulering i framtida, forklarar Dalland.

Vegvesenet tek sikte på å fremja den formelle oppstarten av planarbeidet for plan- og bygningsutvalet på deira møte i april. Det er eit mål å få vedteken planen i 1. kvartal 2014 og ein håpar samstundes at midlar til utbetringane kan koma i 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.