Næringsliv | 14. aug. 2011

Vil utvida gjestetunet

Sjå skisser: Bjørnefjorden Gjestetun kan bli dobbelt så stort.

Vil utvida gjestetunet
Andris Hamresøndag 14. aug. 2011 06:39

Laurdag feira Bjørnefjorden Gjestetun 20-årsjubileum med å presentera utvidingplanar for venar og familie.

Etter 20 år på Hauge, med 40 rom, har familien Bjørke no planar om å dobla storleiken på Bjørnefjorden Gjestetun.

- Vi opplever at vi ikkje klarer å møta etterspurnaden på kurs og konferansar med dagens kapasitet, fortel dagleg leiar Erik Werner.

Planane har eigerfamilien gått og ruga på eit års tid, men det er først dei siste månadane dei har sett hjula i sving i forhold til planprosessen.

- Kommunen og styresmaktene har alltid vore greie å ha med å gjera, så eg reknar med det går i orden også denne gongen, seier grunnleggjar Samson Bjørke.

Konferansar for 250

Den nye fløyen på gjestetunet strekk seg utover mot Bjørnefjorden frå dagens hovudbygning over tre etasjar.

- I kjellaren kjem det ei konferanseavdeling med stor fleksibilitet. Om vi bruker heile arealet under eitt vil vi kunna ta imot iallefall 250 konferansegjestar samstundes, forklarar Werner.

Det han likevel legg mest vekt på i den nye konferanseavdelinga er dei seks nye grupperomma, kor tre av dei har vindauge mot fjorden, frå golv til tak.

- Mange mindre grupper, grupper på 10-12 personar, etterspør grupperom, så med den utvidinga vil vi kunna møta dei på ein god måte.

Skal ivareta tunet

Oppdraget arkitektane i 1:1 Arkitekter fekk då dei skulle skissa opp nye Bjørnefjorden Gjestetun var å utvida, men samstundes halda på særpregettil gjestetunet.

- Vi skal framleis framstå som eit tun, sjølv om vi no utvidar til rundt 90 rom, seier hotellsjefen.

- Bjørnefjorden har alltid vore ei familiebedrift. Og dei tilsette driv vidare i den anda under dyktig leiing av Erik, skryt Bjørke om dei som i dag har sitt daglege virke på Hauge.

Betre gjestesamansetning

Sokalla ekspertar i hotelldrift seier det ikkje er mogleg å tena pengar på hotell med mindre enn 60 rom. Med sine 45 rom har Bjørnefjorden i dag ein omsetndan på eit titals millionar i året.

- Eg såg nett på tala for første halvår i 2011. Vi leverer 13% driftsresultat før finanskostnadar og har omsett for 7 millionar eksklusive mva så langt i år.

- Det har vore all time-high, så vi gjer nok ekspertane sine spådommar til skamme, seier ein nøgd Erik Werner.

Eit problem dei har i dag er at om ei gruppe kjem og skal ha 30 rom, står dei igjen med 15 som er vanskelegare å fylla.

- Med utvidinga vil det bli lettare å ta inn for eksempel to konferansar med overnatting på rundt 35-40 personar og dermed få ei betre kapasitetutnytting, forklarar Werner.

Framleis berre skisser

Teikningane Midtsiden i denne saka presenterer, med velvilje frå gjestetunet, er framleis på skissestadiet, presiserer Werner.

- Det er nok ikkje nøyaktig slik det blir sjåande ut i fasadar og detaljar, men i omfang er det nok ganske nær.

- Kva med kostnadane, kor mykje vil utvidinga koma på?

- Det er nok berre Olav Thon som klarer å byggje hotellrom til under ein million kroner.

- Heller ikkje budsjetta er klare, men vi må nok ut med mellom 30 og 45 millionar. Det er i allefall dei tala vi opererer med no i planleggingsfasen.

Trur på framtida

Utvidinga er eit signal på at familien Bjørke og Bjørnefjorden Gjestetun har tru på framtida for Osbygda og det å drive hotell her.

- Eg trur vi kjem til å vera nærmare Flesland enn hotella i Bergen, iallefall i reisetid, når nyevegen kjem.

- At det nærmar seg ny veg mellom Os og Rådal er ei viktig årsak til at vi no startar arbeidet med utvidinga.

- Dessutan er både overnattinga og det matfaglege ved Bjørnefjorden Gjestetun produkt vi trur kjem endå meir i vinden i åra som kjem, og då gjeld det å vera rusta til å ta imot, avsluttar dagleg leiar Erik Werner med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.