Næringsliv | 21. nov. 2017

Vil vera ei motvekt

Droppar Black Friday, inviterer til Nisjebutikkane sin dag i staden.

Vil vera ei motvekt
Katrine Brattfjell Heggland på Nordisk Rom inviterer saman med fleire andre uavhengige butikkar til Nisjebutikkane sin dag laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. nov. 2017 11:14

Nordisk Rom, Borg vêr, 2Villa og Dysvik Clothing hopper alle av Black Friday-karusellen og satsar heller på Small Business Saturday, eller Nisjebutikkane sin dag, førstkomande laurdag.

– Small Business Saturday blei starta i USA som eit motsvar til Black Friday, og blir arrangert laurdagen etter den svarte fredagen.

– Her i Noreg er det ein butikkutviklar i Sandnes som har tatt det eg meiner er eit supergodt initiativ med Nisjebutikkane sin dag, seier Katrine Brattfjell Heggland på Nordisk Rom. Ho er den lokalt som har tatt initiativet.

– Eg håper dette berre er starten på noko som kan vekse i mange år. Eg veit at det i Oslo er mange som markerer dagen.

Har ikkje råd til store rabattar

Som små enkeltståande butikker er det vanskeleg å kaste seg på den rabattkarusellen som dei store kjedene er på.

– Skal vi klare å driva ei bærekraftig verksemd, så har ikkje vi råd til å slå til med rabattar som det dei store har. Eg skal ikkje legga skjul på at også vi må tene penger for å få det til å gå rundt, og då har vi ikkje råd eller lyst til å kaste rabattar etter kundene.

– Det er no før jul vi legg mykje av grunnlaget for resten av året, difor blir det veldig feil å komma med sterke rabattar. Dessuten tenkjer eg at Black Friday blir ein dag kor folk går litt amokk og kjøper masse ting dei eigentleg ikkje treng, berre fordi det er rabattert. Det ønskjer vi heller ikkje vera med på.

Lever ein draum

Felles for dei fire nisjebutikkane er at dei blir drivne av innehavarar som har lyst til å skapa og få til noko.

– Eg lever ut draumen min. Det er utruleg givande og gøy å vera med å skape noko på Os, som ikkje var her frå før. Fleire har spurt om eg ikkje berre kunne ha starta i byen, men det vil eg ikkje. Eg ville skapa det her, kor eg bur og kor eg trivst.

– Dessuten handlar det jo om å vera med å skapa liv og handel i Os. Om ein handlar i sentrum, på senteret eller i Kolskogen, så støtter ein det lokale næringslivet, og skattekronene blir lagt igjen i Os kommune, ikkje i Bergen eller andre kommunar.

– Korleis hadde Os sett ut om ein ikkje hadde hatt lokale butikkar, spør ho retorisk.

Folk er bevisste

Nisjebutikkane sin dag handlar mykje om bevisstgjering. Ønskjer ein å ha lokale butikkar i framtida, så må ein bruke dei i dag.

– Det betyr mykje for oss, men også for lokalsamfunnet. Samstundes så er det utruleg mange kunder som er kjempeflinke og som er bevisste på å støtte dei små og lokale. Eg blir faktisk litt rørt av og til når det kjem kunder inn som fortel at dei bevisst vel oss i staden for å reise til byen eller dei store kjøpesentra i Bergen. Det meste får dei lokalt, avsluttar Katrine Brattfjell Heggland.

Butikkane inviterer til kaffe og kake i tillegg til ein hyggeleg laurdagshandel til helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.