Lokal | 01. jan. 2019

Vil vêret påverka kveldens fyrverkeri?

– Vi førebur oss som om det blir oppskyting, seier Røttingen frå ProPyro.

Vil vêret påverka kveldens fyrverkeri?
Innfelt: Brørne Fredrik og Ole Marius Røttingen, her då dei rigga til fyrverkeri for Kygo i sommar. Kveldens fyrverkeri i Os hamn skal skytast opp frå Steinneset.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. jan. 2019 12:33

Nyttårsaftan 2015 var vêret så dårleg at fellesfyrverkeriet til Os kommune, gjennomført av ProPyro, blei flytta til kvelden 1. januar 2016.

Publikum opplevde fyrverkeri klokka 18 som barnevenleg og gunstig, og dette blei tradisjon. Men overgangen frå 2018 til 2019 er prega av kraftig vind, og kveldens store oppskyting kan stå i fare.

– Vi førebur oss på å skyta opp, så får vi sjå korleis det utviklar seg utover ettermiddagen, seier Ole Marius Røttingen frå ProPyro.

Yr og Storm med ulike meldingar

– Eg var innom Os hamn i 10-tida i dag, og sånn det såg ut då så var det uaktuelt. Men det skal løya i kveld, vindretninga er optimal, då det bles ut hamna, og det skal dessutan vera opphaldsvêr.

Yr melder reduksjon frå 12 til 10 m/s i vindstyrke frå no til klokka 18, men Storm melder ned i 8 m/s.

– Vi håper Storm får rett, og at folk kler seg godt. Det er mogleg at vi må venta nokre minutt på vêret, at oppskytinga ikkje startar presis.

– Vi var uroa for lågt skydekke ei stund, men no ser det veldig klart og fint ut.

3 + 4 minutt til 150.000 kroner

Musikkfyrverkeri er nytt hos ProPyro, som testa dette for første gong på halloween-fest på Røykenes i oktober.

Kveldens fyrverkeri startar med 3 minutt musikkfyrverkeri, etter låten «Running with the wolves» av stjerneskotet Aurora.

– Vi har vore i kontakt med managementet, og dette synest dei berre var gøy.

Musikkfyrverkeriet går direkte over i det ordinære og, etterkvart, spektakulære.

– Finalen skal bli veldig bra i år, seier Røttingen.

Spleiselaget:
• 120.000 kroner er kome inn
• Os kommune (50.000) og Sparebanken Vest (25.000) er dei største bidragsytarane
• ProPyro håper fleire melder seg på spleiselaget i siste liten og riggar opp for oppunder 150.000 kroner

Det skal skytast opp frå Steinneset. Beste utsikt har du truleg frå gjestebrygga frå Esso til Peppes.

Oppskytinga skal etter planen starta klokka 18.00.

Midtsiden kjem tilbake om det blir endringar eller avlysing av oppskytinga.

• VIDEO: Fellesfyrverkeriet i 2018

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.