Næringsliv | 15. okt. 2018

Vil vidareføra butikken

– Med dagens drift er det grunnlag for 1,5 arbeidsplass, seier eigar Kristin Våge.

Vil vidareføra butikken
Rammebutikken Os er open ut året, og vidare i 2019, om nokon vil overta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. okt. 2018 12:38

I 2010 la familien Nordahl-Pedersen ned 33 år gamle Os Glasservice. I 2011, etter eit år på seglas, opna Dina Nordahl-Pedersen Rammebutikken.

Kristin Våge, som overtok butikken i februar 2016, driv ut 2018, men ho ønskjer ikkje at butikken skal bli lagt ned.

– Eg sto sjølv i butikken det første halvanna året, men så var det tilbake til oljebransjen. No har eg to tilsette på deltid, men ikkje kapasitet til å stå som eigar lenger, og ingen av desse ønskjer å overta, seier Våge.

I staden for å legga ned og selja utstyret, ønskjer ho no å gje andre ein sjanse.

– Om nokon kjem på banen no, så kan dei få opplæring fram til jul og overta etter nyttår.

Få konkurrentar

Sal av rammer har vore viktigaste varegruppe, men Våge har supplert med kunstmateriell og sal av kunst på vegne av lokale kunstnarar.

– Dette har gjeve gode synergiar. Dei som kjøper kunst, eller kundar som kjøper materiell, har gjerne òg behov for ramme eller lerret.

– Det er ikkje så hard konkurranse i denne marknaden, og vi har kundar frå både Fusa, Stord, Austevoll og Bergen. Mange vil heller køyra til døra i Os enn å dra på eit stort lerret rundt i by'n.

– God drift og fin arbeidsplass

Våge seier dagens drift gir rom for rundt 1,5 arbeidsplass.

– Anten du er nevenyttig, kunstinteressert eller ønskjer å driva butikk, så er dette ein gylden sjanse. Eg vil ikkje tena pengar på sal av butikken, anna enn noko kompensasjon for utstyret eg har investert i. Men eg håper eg slepp å stenga døra, så lenge det er grunnlag for ein butikk som denne.

– Den som overtar kan enkelt koma i gang. Er du arbeidsledig, men vil koma i drift, er det òg veldig gode støtteordningar å søka på. Det kan gi verksemda di ein mjuk start.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.