Lokal | 13. aug. 2019

– Ville visa heilskapen

Siv Jensen gav ros til den tidlegare olje- og energiministeren, Søviknes sjølv var mest opptatt av endringane i Os frå 1999 til i dag.

– Ville visa heilskapen
Trass mykje nedbør laurdag formiddag var det ein del som gjesta Frp si valkampopning, som i år var lagt til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. aug. 2019 11:28

Bildeserie:

Sigbjørn Framnes frå Stord heldt første appell. (Foto: KVB)
Sigbjørn Framnes frå Stord heldt første appell. (Foto: KVB)
Frp okkuperte heile torget. (Foto: KVB)
Frp okkuperte heile torget. (Foto: KVB)
Opninga starta med konsert av Haavard Skaatun. (Foto: KVB)
Opninga starta med konsert av Haavard Skaatun. (Foto: KVB)
Arrangørane spanderte Havnechefen-burger. (Foto: KVB)
Arrangørane spanderte Havnechefen-burger. (Foto: KVB)
Søviknes snakka om tida heilt frå 1999 til i dag. (Foto: KVB)
Søviknes snakka om tida heilt frå 1999 til i dag. (Foto: KVB)
Jensen gav ros til den tidlegare oljeministeren. (Foto: KVB)
Jensen gav ros til den tidlegare oljeministeren. (Foto: KVB)
Fleire lokalparti hadde òg valkampopning i sentrum laurdag. (Foto: KVB)
Fleire lokalparti hadde òg valkampopning i sentrum laurdag. (Foto: KVB)
1 av 7
Sigbjørn Framnes frå Stord heldt første appell. (Foto: KVB)
Frp okkuperte heile torget. (Foto: KVB)
Opninga starta med konsert av Haavard Skaatun. (Foto: KVB)
Arrangørane spanderte Havnechefen-burger. (Foto: KVB)
Søviknes snakka om tida heilt frå 1999 til i dag. (Foto: KVB)
Jensen gav ros til den tidlegare oljeministeren. (Foto: KVB)
Fleire lokalparti hadde òg valkampopning i sentrum laurdag. (Foto: KVB)

Laurdag opna Frp valkampen med stort opningsshow i Os sentrum.

Frp sentralt kom med stor, mobil scene, bestilte mat hos Havnechefen til å dela ut og hyra Haavard Skaatun sitt band til å spela.

Så kom appell frå 2. kandidat i Vestland fylke, Sigbjørn Framnes frå Stord, 1. kandidat for både Vestland og Bjørnafjorden, Terje Søviknes frå Os og hovudpersonen, partileiar og finansminister Siv Jensen.

– Trass i at det regna frå vi starta rigginga til appellane var i gang, så synest eg det blei eit godt arrangement med fint oppmøte. Vi var rundt 30 frå lokalpartiet i sving på Øyro samtidig som vi hadde seks representantar på Lurantunet, saman med Kjell Elvis, og gjennomførte ein veldig vellykka vaffellaurdag for bebuarar og familie, seier Søviknes.

Snuoperasjonen og veksten

Framnes snakka om motstand mot bompengar og ambisjonar om betra kollektivtilbod i krinsane i fylket, og om fritt skuleval, Søviknes brukte taletida til å sjå på tida frå han overtok styringa i Os i 1999 og fram til i dag.

– Vi reduserte adminsitrasjonen med 7 prosent og snudde minus til pluss. Utan eigedomsskatt går Os kommune med 105 millionar kroner i overskot, samtidig som vi leverer så gode tenester at vi ligg på 6. plass i Noreg på kommunebarometeret.

Søviknes gav ros administrasjonen og til samarbeidspartnar Høgre for resultatet etter 20 år ved roret. Han takka òg veljarane for at dei har sikra eit stabilt, styringsdyktig fleirtal alle desse åra. Då hausta han applaus.

– Os kommune har vakse i folketal frå 13.000 til 21.000 på desse åra. No skal vi veksa vidare saman med Fusa i Bjørnafjorden kommune, og vi har ambisjonar om å skapa den same veksta i resten av den nye storkommunen. Om vi får fleirtal vil Bjørnafjorden kommune bli den einaste i Vestland fylke utan eigedomsskatt.

– Ein sluttdato for Noregs viktigaste arbeidsplassar?

Siv Jensen snakka òg om eigedomsskatt, om korleis Oslo kommune trass eit overskot på 2,7 milliardar «held fram med å forsyna seg av lommene til folk».

– Kommunen treng ikkje pengane, men dei tar dei likevel.

Bompengar, der FMB har kome og tatt mange veljarar, var naturlegvis tema.

– Vi har kjempa åleine mot bompengar heilt til no, men viss folk bryr seg om bompengar så bør dei stemma på oss. Tidlegare har bilistane betalt meir i avgifter enn det dei har fått tilbake i betra infrastruktur, det bildet har vi no klart å snu.

Finansministeren gav òg ros til Søviknes for både ordførarjobben og innsatsen hans som olje- og energiminster.

– Som ordførar har han vist korleis politikken vår kjem folk til gode, som olje- og energiminister gjorde han eit viktig stykke arbeid med å få opp igjen aktiviteten i petroleumsnæringa etter oljeprisfallet.

– Næringa bidrar med 250 milliardar til statsbudsjettet kvart år. Bransjen er vår desidert viktigaste sysselsetjar, og arbeidsplassane er så lønsame at kvar oljearbeidar finansierer kvar sin sjukeheimsplass.Likevel vil leiinga i Senterpartiet at vi skal setja ein sluttdato for oljenæringa.

Høg aktivitet på utsida òg

På utsida av torget sto fleire lokalparti og hadde si lokale opning.

Både samarbeidspartnar Høgre, fleire lokalparti i opposisjon og Folkeaksjonen nei til bru over Bjørnafjorden sto på stand.

Her kan du lesa kva dei hadde fokus på i valkampopninga

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.