Kultur | 01. okt. 2017

Vin frå «Os» del av luksusen på Opus XVI

Når Grieg opnar hotellet Opus XVI i Bergen er det med vin frå Bjørkhaug sitt område i Italia.

Her opnar Grieg-hotellet Opus XVI i 2018. (Foto: Eirik Hagesæter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. okt. 2017 08:31

Bildeserie:

Frå innhaustinga av druer for to veker sidan. (Foto: Gunvor S. Lie)
Villa Bella Piemonte, hotellet Bjørkhaug er medeigar i.
Første sesong var god, neste år er det endå fleire bookingar.
Frå innhaustinga av druer for to veker sidan. (Foto: Gunvor S. Lie)
Villa Bella Piemonte, hotellet Bjørkhaug er medeigar i.
1 av 3
Villa Bella Piemonte, hotellet Bjørkhaug er medeigar i.
Første sesong var god, neste år er det endå fleire bookingar.
Frå innhaustinga av druer for to veker sidan. (Foto: Gunvor S. Lie)

I januar fortalde vi om osingen Terje Bjørkhaug og kona Liv Heidi sin julepresang til seg sjølv; deleigarskap i hotellet Villa Bella Piemonte.

• Les òg: Blei hotelleigar i Italia

– Sommaren har vore veldig bra, frå den første gruppa kom i mars til godt ut på hausten.

– Det som er minst like gledeleg er at vi i dag har dobbelt så mange bookingar for neste år som vi hadde på same tid i fjor, også frå Os, som er ekstra kjekt, seier Terje Bjørkhaug til Midtsiden.

Gründar, drivar og medeigar er framleis ekteparet Gunvor S. Lie og Joar Monstad frå Trøndelag. Før dei bygde hotellet hadde dei ni år bak seg med eigen vingard i same område.

Passar inn i nytt luksushotell i Bergen

– Eg blei grønn av misunnelse då høyrde at Liv Heidi og Terje hadde blitt hotelleigarar i Italia, fortel Alexander Grieg.

Han blei kjend med Liv Heidi og Terje på hotellhøgskulen i 1992 og har sidan, saman med kona Britt Marie, vore gode venar med mange felles opplevingar.

Sjølv har Grieg ein 25 år gamal draum som er i ferd med å gå i oppfylling. I 2018 opnar ekteparet hotellet Opus XVI i det gamle bankbygget frå 1876 (der Banco Rotto i si tid heldt til) på Vågsallmenningen.

Alexander sin tippoldefar var bror til Edvard Grieg. Hotellet er oppkalla etter Griegs storslåtte A-moll-konsert Opus XVI.

– Hotellet vil retta seg mot matglade bergensarar og kresne, internasjonale gjestar, fortel Alexander.

• Les meir om Opus XVI på estatevest.no

Hausta druer til eigen vin

Britt og Alexander Grieg kunne ikkje venta med å sjå det vesle, italienske hotellet, og var med eigarane til Piemonte i april.

– Gunvor og Joar, som driv staden, gjer sitt ytterste for at gjestane skal ha det bra, fortel Britt.

Joar har produsert vin i over 10 år, og ideen om å produsera vin til eige hotell dukka opp i løpet av besøket.

– Vi besøkte vinmarkene, produksjonsanlegget og bestemte oss fort for at dette var perfekt for Opus XVI. Topp vin med eigen etikett passar vårt konsept som hand i hanske!

Grieg kjøpte store delar av produksjonen. For to veker sidan var dei tilbake, ekteparet og storfamilien, og deltok i den spennande og krevjande innhaustinga av druene.

– Vinen vi har smakt frå området er fyldig og behageleg. Druene vi har hausta går ikkje rett i produksjon, men skal etter pressing og gjæring ligga på franske eikefat eit års tid.

– Dette blir ikkje den rimelegaste vinen vi vil servera på Opus, men det blir ei glede å, ein gang i 2019, by på vår felles Barberra d Asti Superiore, ein vin av denne kvaliteten, med denne personlege historia å fortelja - og med Opus XVI sin eigen etikett, seier Alexander.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.